Kjedsomhet og rare tankar

Sommarlivet på Fitjar er ganske einsformig for min del, syns eg.
Det som skjer, er at eg byrjar på jobb ein eller anna gong på dagen, sannsynligvis før klokka tolv. Der traskar eg rundt i mellom fire og åtte timar.
Etter eg er ferdig på jobb, gjer eg ingenting. Det har noko med at eg har vore blakk sidan eg kom att frå Kreta, og har difor ikkje hatt busskort eller moglegheit til å dra noko stad. Eller, eg gjekk på fjellet på sundag, til ein anna del av Fitjar. Rett skal vere rett!
Så eg sit no her, då, og vert meir og meir lei av fjesbok, og vurderer sterkt å sykle meg ein tur, berre for å ikkje døy av kjedsomhet ( som er eit luksusproblem ), eller om eg faktisk skal…gjere noko? Rydde i kjøleskapet, pakke klede eller noko meir fornuftig enn det eg reknar som sytalaust arbeid.
Når eg er på jobb, tenkjer eg forøvrig ganske mykje. Som oftast står eg åleine og kuttar opp grønnsakar, eller pakkar kjøtt og fesk. Ting dett inn i hovudet mitt då, som f.eks ; “korleis kjennes det å vere vakuumpakka?”.
Har du nokon gong vore vitne til at kjøtt eller fesk vert vakuumpakka? Det er heilt vanvittig fascinerande! Først ser det ut som om, la meg ta kylling som eit døme, kokar. Det boblar under huda på den, og den rå kyllingen ser ut som den nesten eksploderar. Så, heilt plutseleg, gjer vakuumeringsmaskina noko skummelt! Den syg ut all lufta, som gjer at kyllingen no heller ser relativt forkrøpla og misforma ut. Det ferdige resultatet, som er ferdig vakuumpakka kylling i plastikkpose, inneheld ikkje luft. Det er fantastisk, rett og slett. Det er nesten som når jenter går med så trange bukser, at ein lurer på kvar buksa stoppar og huda byrjar. Eg såg tidlegare for meg at det stod nokre menneske hjå Gilde og blåste ut lufta med sugerør, eller noko. Men, eg trur ikkje eg vil bli vakuumpakka, etter å ha sett kva som skjer med tinga ein pakkar.


Ein anna ting eg gjer på jobb, er å leike med maten. Ikkje sånn openbart, sjølvsagt, men litt sånn… i det indre. Eg snakkar med makrellen. “Åååh, fine makrellen” og “stakkars fisken, no kuttar eg av halen din!”. Kanskje det ikkje er like lurt å fortelje dette i offentligheten…
Kvardagen min består no altså av mat, mat og mat. Eg føler eg lagar mat eller berre et mat, og det er det einaste eg gjer. Ein kan bli lei av mat og, forresten. I allefall om det einaste ein et er utgått Fjordland-mat eller knekkebrød. I dag fekk eg forresten løn og feriepengar, noko som tyder på at eg kan ete god mat dei neste dagane, etter eg er ferdig på jobb. Så er det no slik at eg kjenner meg sjølv godt nok, til å seie at det vert nok ikkje noko meir spennande enn graut og tunfesk dei neste månadane, slik som det har vore før.

Til slutt seier eg berre at om 48 timar, og mindre enn det, så er eg i måkebyen Kristiansand. Det gleder hjarta mitt akkurat nok til at eg har energi til å gå på jobb i morgon. Glede! Hurra!
Skrive med fitjar, fritid i tankane | Tanker (0)Tjusdaj
Tirsdag er den kortaste dagen i veka. Det gjeld i alle fall inni mitt hovud.
I dag er det dog litt annleis. Det er seinvakt på jobb, som tyder at eg står tidleg opp for å jogge og kjem seint heim etter mange timar på beina. Vonar dagen på jobb vert like fartsfylt som i går, og sjølv om eg skal stå i åtte timar, så kan eg godt overleve.

Elles har eg fixxa headeren min, i og med at eg ikkje er sånn ofseleg begeistra for Twitter-fuglen, som eg tippar eg heller ikkje har løyve til å bruke.
Eg har også blitt intervjua av nettsida til Stord VGS.
Fordi eg pinte meg sjølv med åtte eksamenar i år, og kom levande gjennom det.
For å vere ærleg, er eg skikkelg glad eg er ferdig med det. Tenkt det – aldri, aldri, aldri meir vidaregåande.
( med mindre eg plutseleg vil bli lege eller ingenør, og må ta nokre nye fag. )

Elles kan eg fortelje at eg er framleis like glad i den nye, rosa tannbørsten min,
at det er utruleg varmt sjølv om det er overskya, at det er kun to veker til Stokke og førtiåtte dagar til eg byrjar på skulen att.
Og om ein månad får eg meg blått kjøkken og nytt soverom. Kjekt!

Slutt på nedteljing

Så var det faktisk på tide med ei lita oppdatering.
For dei som ikkje visste det, er det no blitt sommar for lengje sidan.
Eg hugsar, det var sånn ca i januar, at me i 2MK byrja å telje ned for å finne ut kor mange dagar det var att til sommarferien. Det var lengje, og me syns at når det stod 150 dagar på nedteljaren, så var det ofseleg mykje.
No er det altså blitt sommar, noko eg som sagt har venta på lengje.
Men kva skjer no? Eg syns det er for varmt ute, eg kjeder meg når eg ikkje jobbar,
eg er faktisk mindre sosial og mindre med vener og kjærast enn eg var då eg var superopptatt på skulen.
Kva er greia med det, då?
Eg likar det lite, og ser fram til fredda’n. Då reiser eg til det glade sørland,
og treff verdas beste kjærast att, etter å ha sakna han i to veker.

Sånn elles kan eg fortelje at eksamenane mine gjekk fint, eg kom meg i gjennom både konfirmasjonar, syttande maj, russetida utan å vere russ, og ferie på Kreta. Det er forøvrig ganske fint på Kreta, berre alt for mange turistar.
Elles har eg vore i bryllup, på avslutningsfest og fått meg sommarjobb i kjøttdisk. Det er verdas beste jobb, og lurar du på kvifor, så spør du.

Enno ein ny blogg
Det er ikkje særskild lengje sidan eg oppdaterte bloggen min.
Men så var det dette då, det å oppdatere bloggen sin meir enn to gonger etter kvarandre.
For å seie det som det er, så er ikkje eg den beste til akkurat det.
No startar eg på nytt, slik som ein gjer første nyttårsdag. Med friskt mot, store ambisjonar og enno større fallhøgde.
I denne nye, fantastiske løysinga, kan de iallefall kommentere på alt det eg tenkjer og skriv, og eg kan oppdatere enno meir, fordi eg slepp å skrive titusen ekstra teikn og alt slikt for å oppdatere. Eg skal ikkje gå nærare inn på det.