seksti korte spørsmål, seksti lange svar

3 februar, 2012 kl 23:05 , av karina

I dag fekk eg lyst til å skrive litt. Også snuble eg over ei liste. Fyrst hjå Sandra, så hjå Mariell og til og med hjå Linnéa. Noko som er ganske imponerande, i og med at eg såvidt har vore innom ein blogg dei siste månadane. Av ein eller anna grunn har det fått meg til å kjenne meg mykje betre – å ikkje bruke fritida mi på å lese om utopiar, men heller bygge mi eiga verd og mi eiga framtid. Samstundes har Gud utfordra meg på å ikkje blogge. Også bloggar eg. Tenk på det. Eg trur nok det kjem til å bli gysla lite blogging i tida som kjem, for det er jo noko som heiter å vere lydig. Men når eg har noko å seie, noko å skrive om, trur eg Gud vil at eg skal komme sterkt tilbake. Det gjer at eg kan puste litt mellombels, og de kan jo alle saman følgje dagen min på instagram. Eller twitter. Eller utfordre meg på wordfeud, der eg har ein lei tendens til å tape alle spel fordi dei geniale nynorskorda mine ikkje vert godtekne, eller fordi eg missar konsentrasjonen. Eg er nattfisk overalt, unnteke på wordfeud fordi ein eller anna spirrevipp har byrja bruke kallenamnet mitt. Om du finn ut kven det er, gje meg gjerne ein lyd. Eg bakar kake til han, om han let vere.

No. Seksti korte spørsmål, og seksti lange svar, slik at de alle saman kan bli litt betre kjend med meg.

1. Kor gamal er du om fem år?
Om fem år vil eg vere så og seie nøyaktig femogtjue år, samt nesten eit halvt år. Eg er fødd så og seie nøyaktig ein månad etter at sommarferien er over, og min bror er fødd ganske nøyaktig to og eit halvt år etterpå. Noko som er veldig fint, fordi eg då alltid vil hugse når eg blir xx år og eit halvt år. Og han vil gjere det motsette.

2. Kven var du minst to timar rundt i dag?
Mamma! Eg er heime på besøk hjå min fine familie på Fitjar, og i dag har me vore på handel på Stord, verdas største nynorskby, og me har køyrd bil, handla, me har vore på butikken, ete middag saman og ser på på TV. Dette er her då ikkje særskild representativt for alle dei andre dagane mine, men det er jo litt fint å kunne svare noko utanom det vanlege.

3. Kor lang er du?
Eg er faktisk nøyaktig 170 centimeter! Det syns eg er utruleg fint at står på passet mitt, spesielt fordi mannen min er nøyaktig 180 centimeter. Då eg skulle kjøpe brudekjole fortalte butikkmedarbeidaren at det var ein perfekt høgdeforskjell på oss. Og det er det enno. Eg slepp å stå på tå for å kysse han, sjølv om eg somme gonger gjer det berre fordi det kjenns litt meir romantisk.

4. Kva var den forrige filmen du såg?
Eg og min mann prøvde å sjå “Saving Private Ryan” saman. Eg syns den var utruleg keisam, etter å ha sett “The Pacific”, som er hakket betre. Så eg gav opp halvvegs! Så det er godt mogleg at det faktisk ikkje er eit gyldig svar, siden eg ikkje såg heile filmen. Den siste lange filmen eg såg var “The Figther”, og den likte eg. Bortsett frå at eg har ein tendens til å bli litt fortvila over fiksjonsfigurar som ikkje har eit grep rundt livet sitt. Sjølvkontroll, baby!

5. Kven ringte du sist?
Eg ringte sist Linda Aase, ei finfin jente eg gjekk på vidaregåande med og som eg traff på kafé i dag, og fekk prata med ordentleg for fyrste gong på over to år. Ho er ei sånn ei som tok med seg to av dei finaste vennene eg hadde på internatskulen eg gjekk på, og sjølv om eg var teit nok til å ikkje innby dei til bryllaupet mitt, hoppa dei i bilen og køyrde ned til Kristiansand for å sjå at eg og min mann vart vigsla. Også kom dei i kaffien, fordi eg tvingte dei.

6. Kven ringte deg sist?
Min fantastiske mann, då han skulle gå til butikken. Han saknar meg, men eg fekk han til godta at me skulle skype i staden for, slik at eg kunne vinke til han. Han ringte meg ikkje går, og eg ringte ikkje han i går. Å gå ein dag utan å snakke saman, er for lengje. Å gå fire timar utan å snakke med han, er for lengje.

7. Kva stod på den forrige sms’en du fekk?
Den har eg sletta, men det stod noko sånt som “ventar utanfor kulturhuset”. Det var frå mi kjære mor, som stod utenfor treningssenteret og plukka meg opp etter trening.

8. Føretrekk du å ringa eller senda sms?
Ringa! Det går så sjukt mykje raskare å kommunisere ved hjelp av tale. Men det endar som regel med at eg sender sms, fordi eg tenkjer det er for tidleg eller for seint, at det er midt i middagen, eller at det folk som eg ikkje heilt er komfortable med å snakke med over telefon.

9. Er dine foreldre gifte eller skilte?
Det var gifte, men er skilte no. Eg veit ikkje heilt kor mykje meir eg skal utbrodera kring det, men eg trur eg var omlag tolv år då dei skilte seg og sidan det har ulike menneske alltid ville skulda på dette som ei årsak til ymse problem. Det har eg aldri forstått, fordi eg forstod kvifor dei skilte seg, eg bærer ikkje nag til nokon, og Pappa Gud lækjar alt.

10. Når såg du mamman din sist?
Akkurat no, når eg snudde hovudet mot høgre. Ho sit i sofaen ved sidan av meg, og det er så fint å tenkje på. Eg hadde nemleg ikkje vore ordentleg heime på over eit år. Og det er ganske lengje, utan å kunne sitje i motsatt sofa som mammaen din, utan å bli massert på ryggen (ho er fysioterapeut, gjekk om eg har vore heldig i oppveksten).

11. Kva farge har du på augene?
Dei er ganske vanleg blå. Ikkje knallblå, som Elijah Wood, men ikkje heilt grå heller. Dei ser ut som sånne auge som passar perfekt til meg, og eg trur det er difor ingen kommenterer dei og at det er kvifor eg aldri tenkjer over at dei sitt mitt i fjeset mitt.

12. Når våkna du i dag?
Eg vakna halv åtte, av at eg måtte ta ein tur på toalettet. Årsaka til det var at eg drakk sjukt mykje te i går. Då rakk eg akkurat å seie adjø til mamma som drog på jobb, og eg låg med lukka auge i senga ein halvtime til og forsøkte å sova. Eg får aldri sova att når eg fyrst har vakna. Eg trur mykje av dette sit i hovudet, fordi eg er så vant med å ikkje få sova, og difor stressar med å sova, og difor ikkje får sova. Eg trur ei slik augemaske ein brukar på fly hadde gjort heile skilnaden for min del.

13. Kva er din favorittjulesang?
Det er utan tvil Jussi Björling sin “O Helga Natt”. Den er magisk, med frysningar langt nedover ryggen. Ein av årsakane til at eg likar den så godt er nok fordi eg veit at både mormor og morfar var veldige glade i den sangen. Når eg set på den, då er det verkeleg jul. Då er det ingen veg attende til den grå november og sørpe.

14. Kva er din favorittplass?
I Guds nærvær. Som kan vere overalt, kor som helst, når som helst. Det er i grunn veldig fint sånn, at Gud er allmektig, allestedsnærverande (eg trur aldri eg faktisk har brukt det ordet før, nokon sinne!) og ganske fleksibel. Eg møter han overalt, og eg elskar det.

15. Kva plass likar du minst?
Eg likar meg ganske dårleg i garderoben til symjehallar eller treningssenter. Eg veit ikkje heilt, men hadde det ikkje vore for badstua, så hadde eg dusja heime kvar einaste gong. Eg likar og ganske dårleg lesesalen på Universitetsbiblioteket i Oslo. Begge stadar er det fordi stresset heng i lufta. Du kan kjenne at atmosfæra endrar seg i det du går inn gjennom døra. Då føretrekk eg min eigen dusj og Sophus Bugge.

16. Kvar trur du at du er om ti år?
Om ti år vil eg vera tredve, herlegland! Då tippar eg at eg har pressa ut mine fire born, at eg har røska til meg ei utdanning, at eg har skrive to bøker og at eg har vore ein tur innom den tredje himmel. Eg trur eg har slått røtter om ti år, det er godt mogleg det er i Oslo, men eg veit ikkje heilt. Eg veit iallefall at eg vil vere saman med familien Hafnor!

17. Kva skremte deg mest om natta som liten?
At om eg nokon gong sovna med foten utenfor, så ville det komme eit monster eller kryp å ete den opp. Eg gøymde alltid alle kroppsdelene mine godt under dyna, for å seie det slik. Og ein gong såg eg ein mann stå breibeint i døropninga til soverommet mitt, og det var ikkje far min. Det gjorde at eg aldri meir våga opne augene etter mamma hadde slokka ljoset. Den natta veslesyster mi vart fødd, fann eg mormor sovande i mine foreldre si seng. Det gjorde meg litt redd for at eg kom til å treffe på henne igjen kvar gong eg gjekk inn til mamma og pappa etter eit mareritt. Men det skjedde aldri.

18. Kva fekk deg til å le hardt seinast?
Nytt på Nytt! Nytt på Nytt er noko av dei få greiene eg ler høgt av. Eg ler som regel berre høgt og hjarteleg av norsk humor. YouTube har aldri vore mi greie, og menneske som fell eller skadar seg har absolutt ikkje vore mi greie. “Americas Funniest HV” er så langt frå min humor du kan komme. Så, ja, Jon Almaas, eg likar han.

19. Kor stor er senga di?
Den er stor, altså! Etter me hadde vore på bryllaupsreise i Italia i fjor, vart me heilt overraska då me kom heim til senga vår. Den er så stor at me kan breie oss ganske mykje, utan at me kjem borti kvarandre. Men me har ein tendens til å havne på midten, rygg i rygg, side i side eller nase mot nase. Elles så held me rundt kvarandre.

20. Har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Eg har begge deler, kven skulle trudd det? Eg har både ein splitter ny iMac som står på kontorbordet heime og breskar seg og er stor, stor, stor. Også har eg ein snart fem år gammal MacBook, som ikkje lenger er krittkvit, men heller litt grå. Den har gjort sin jobb, for å seie det slik.

21. Søv du med eller utan klede?
Eg må ha ei tskjorte eller ein singlett, eller ein av min mann sine genserar på meg. Utan noko på overkroppen vert det rart å skulle sovne. Men somme gonger sovnar eg utan nokre klede. Mannen min blir alltid positvt overraska om morgonen då, og det likar eg. Då føler eg meg vakker.

22. Kor mange puter søv du med i senga?
To til saman. Ein til meg og ein til min mann. Min er littegranne høgare og mjukare enn han si pute. Den gongane eg stel hans side i senga, krev han å få si pute tilbake. Eg merkar ingen skilnad når eg søv, medan han får vondt i nakken.

23. Kor mange land har du budd i?
Bergen og Noreg. Alle veit jo at Bergen er ein eigen stat, ikkje sant?

24. Kvar har du budd?
Fyrst i Bergen, der eg vart fødd og eg budde der lengje nok til å få ei klingande bergensdialekt. Då fekk mamma nok, og tok meg med til Leirvik. Der budde eg ei svært kort tid, før meg flytta til Fitjar. Der vaks eg opp, og eg fekk fitjardialekta mi, men forsvann etterkvart. Så flytta eg til Ølensvåg, og gjekk på internatskule. Så flytte eg attende til Fitjar, gjekk dei to siste åra på vidergåande på ti månadar, og flytta attende til Bergen, der eg gjekk på bibelskule. Så gifta eg meg og mannen min tok med meg til Kristiansand. Der budde me eit år, også flytta me til Oslo. Her er eg enno.

25. Likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Elskar å vere berrføtt. Beina mine byrjar brenne om det er veldig varmt i eit rom, så då tek eg av meg sokkane. Då er det varmt og godt, og eg likar det best. Og om sommaren går me berrføtt, eg likar leike at det er sommar og om vinteren.

26. Er du sosial?
Dette er er eit utruleg vanskeleg spørsmål! For eg elskar å vere saman med folk, eg elskar å vere åleine berre med min mann og eg elskar å vere heilt åleine. Det handlar om å finne den gyldne kombinasjonen, men eg merkar at jo meir eg er saman med andre menneske, jo meir aukar kapasiteten min for å vere sosial. Og motsatt. Så det handlar om den gyldne kombinasjonen.

27. Kva er din favorittis?
Eg har eksperimentert mykje med dette! Då me var i Roma i forfjor besøkte me strategisk alle dei beste isstadane i byen og smakte nesten tjue ulike smakar. Mine tre favorittar som eg endte opp med å ete i Verona i fjor vart yoghurt, cannella og enten nocciola eller pistachio eller valnøtter. Ein nøttesmak, ein yoghurtsmak og ein kanelsmak. Sjokolade er oppskrytt.

28. Kva er din favorittdessert?
Helt Rå sin sjokoladekake. Elskar den, den er heilt fantastisk – og eg har oppskrifta! Eg laga den i desember ein gong, og endte opp med å ha dessert kvar einaste kveld. Det er det skumle med å lage kaker som kan oppbevarast i fryseboksen og tenkje at du skal ha den i lang tid. Det skjer aldri…

29. Likar du kinamat?
Jau. Eg gjer faktisk det. Men, når sant skal seiest, likar eg betre mat frå tibet. Og det er nesten det samme. Eg trur faktisk det er likare på maten dei faktisk et i Kina, enn det som vert servert på litt for billige kinarestaurantar her i Noreg. Då snakkar me om slike dumplings i korianderkraft og reint kjøt og lite saus. Mmm. Reine smakar, altså. Ikkje sursøtt.

30. Likar du kaffe?
Heilt ærleg, så gjer eg faktisk ikkje det. Eg kan drikke ting som har sjukt mykje mjølk i seg i tillegg, elles så kan eg drikke malabarkaffe som er laga på ein Jura-maskin, fordi ein Jura-maskin er ein alt for god og alt for dyr kaffimaskin som lagar heilt fantastisk kaffi, og den har me på jobben. Men så har ei kjensle om at kaffi ikkje er godt for meg, så eg drikk faktisk heller te.

31. Kva drikk du til frukost?
Eg drikk fyrst ein shake med alt for mykje supermat, mellom anna spirulina, chlorella, kveitegras,
amla, rice bran, aktivert bygg, byggras, lecithin, vegansk proteinpulver, aloe vera, oksygen, mineraler og maca. Denne smakar absolutt ikkje godt, så eg brukar ei klype eg fekk med min GHD-styler, og klyp over nesa mi slik at det ikkje smakar noko. Så pussar eg tenna, og drikk ein halvliter med vatn. Så ventar eg litt, og deretter lagar eg meg ein smoothie med vinneringrediensane som er banan, avocdao, frossen pære, bær, mandelmjølk eller ferskpressa grøn juice, bipollen og kakao. Kakao gjer smoothien som ei kake, som ein dessert, og det er nesten som at eg får dårleg samvit for å drikke noko så godt til frukost.

32. Søv du på nokon spesiell måte?
Eg søv alltid på mi høgre side. Med ansiktet ut mot verda. Det gjer at eg alltid vel den venstre sida av ei seng (om du ser den frå botnen og opp), og at eg desverre ikkje pustar inn i ansiktet til min mann når eg søv. Når eg sovnar, ligg alltid mannen min og held rundt meg, men sidan han søv på ryggen, rullar han over når eg byrjar klapra med tennene mine, som er eit teikn på at eg søv. Men han hevder at han somme gonger finn meg sovande på ryggen, og eg meiner å ha sett han sovande på sida.

33. Kan du spela poker?
Lærte meg aldri dei reglane, men me har faktisk eit pokersett liggande under stovebordet heime. Mannen min meinte at det var naudsynt å ha med til Oslo, fordi det kunne jo hende at han skulle spele ein guttekveld. Eg trur faktisk det aldri har skjedd.

34. Likar du å kosa?
Eg må kosa. Kvar einaste dag. Etter eg og min mann har ete middag, ser på kvarandre, så ser me på sofakroken, også ligg me der og fortel kvarandre kor glade me er i kvarandre, me kyssar og kosar som om me var nyforelska. Og faren med dette her rituale er at me blir verande i denne sofakroken i litt for mange timar. Ein kan aldri få nok kos, og eg det er ein fare for at eg skal kosa ungane mine i hel.

35. Er du eit avhengighetsmenneske?
Ikkje direkte avhengig, eg er meir eit vanemenneske. Når eg fyrst har komme inn ein god vane, held eg fram med den, gjerne eit år. Som å ete havregrynsgraut til frukost. Eller trene fem gonger i veka. Eller vere saman med Gud før eg går ut døra. Eg berre går litt på autopilot somme gonger, og det er deilig, for då slepp eg tenkje på kva eg skal ha til frukost, om eg skal trene eller ha dårleg samvit fordi eg ikkje har tid til å vere med Gud i kvardagen.

36. Kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Eg veit om ei einaste, som var miljøarbeidar då eg gjekk på vidaregåande. Før det hadde eg leita blant kjendisar etter kule folk som hadde bursdag same dag som meg, men eg fann aldri nokon. Når eg fyrst fann nokon som hadde bursdag same dag som meg, fann eg ut at det var like greitt at det var få som hadde bursdag same dag som meg. Det er noko med å ha ein eigen dag, utan å måtte tenkje på at nokon kanskje kuppar bursdagsselskapet ditt.

37. Vil du ha born?
Ja, ja, ja! Eg vil helst ha fire, men eg har navneforslag til minst tredve. Men eg trur fire er nok. Eg har sjølv tre søsken, så me er fire til saman, og det er nesten litt lite, så eg kunne godt tenkt meg fem stykk, fordi det er så fint å kunne vere mange. Men så skal ein jo også oppdra desse, køyre til fritidsaktiviteter, og ikkje minst vere gravid og føde dei. Det tek jo litt på.

38. Kan du nokon andre språk enn norsk?
Eg snakkar, skriv og forstår relativt godt engelsk. På ungdomsskulen hadde eg tre år med tysk, noko som gjorde at eg faktisk forstår og kan seie eindel på dette språket. Det fann eg ut då me var på bryllaupsreise med min mann og eg kunne forstå det meste av dei tyske menyane og det som dei tyske turistane sa. I fjor gjekk eg på språkkurs på italiensk, noko som gjer at eg kan litt av det språket og. Eg kan mellom anna seie at eg skal gå på butikken, og at middagen er ferdig.

39. Har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Aldri. Då eg var liten hadde eg litt lyst, men når eg tenkjer over det er det like greitt at eg har latt vere. Iallefall no som dei har skifta til skrikande fargar som eg ikkje veit namnet på.

40. Føretrekk du havet eller eit basseng?
Havet. Eg har tross alt budd heile livet mitt langs kysten, eg har vakse opp på ei øy med hav på alle kantar. Me har sandstrand der som mormor og dei seks ungane budde, og difor likar eg havet. Og eg elskar å sjå på BBC sine seriar der dei dykkar djupt, djupt, djupt ned i havet og finn skumle dyr, haiar, delfinar og korallrev. Sånt finn ein berre ikkje i basseng.

41. Kva brukar du helst pengar på?
Mat, god mat og rein mat og heil mat. Eg brukar og gjerne penger på andre. Eg føretrekk å gje bort pengar og spandere og kjøpe ting til andre enn meg sjølv.

42. Eig du dyre smykker?
Ein ring, som er den eg fekk av min mann då han spurde om eg ville bli hans. Han har aldri fortalt meg kor dyr den var, og eg har aldri prøvd å finne ut av dette. Eg veit berre at han hadde økonomiske problem i eit halvt år etterpå på grunn av ringen.

43. Kva er ditt favorittprogram på tv?
The Biggest Loser! Eg elsker å sjå smellfeite amerikanarar som ikkje har snøring bli maskinar på treningssenteret. Eg blir så motivert av det programmet, og streamer det med glede. Eg likar og Grey’s Anatomy ganske godt, saman med Veronica Mars. Før såg eg sjukt mange seriar, men no samlar eg det opp til ei veke i halvåret, enten når eg er sjuk eller når eg har ferie.

44. Kan du rulla med tunga?
Eg kan ingen andre fancy triks med tunga, bortsett frå at eg kan lage gauklydar med ho. Eg har aldri forstått korleis dei som kan rulle med tunga gjer det. Umogleg.

45. Kven er den morsommaste personen du kjenner?
Mannen min! Og meg sjølv, eg kjem rett bak han. Han kan få meg til å le så ille at eg held på å bryte saman av krampe i mageregion. Han kjenner meg så godt at han veit akkurat kva for knappar han skal trykke på for å få meg til å hyle. Elles er familien min, og spesielt onklane mine morsomme. Me har samme frekke og freidige humor, som gjer at eg ikkje bør drikke og le samstundes. Det blir berre søl.

46. Søv du med kosedyr?
Å, nei, det har eg ikkje gjort på alt for lengje. Dei vart heime medan eg flytta ut. No er eg ikkje heilt sikker på kvar dei blei av, dei gjekk i arv tidlegare, men sidan yngste bror min er tolv år i år, reknar eg med at dei ligg i boden, godt gøymd i ei eske.

47. Kva har du som ringelyd?
Eg brukar “Awaken Me” frå Jesus Culture seinaste livealbum. Den er høg nok og spesiell nok til at eg forstår at det er min mobil som ringer. Elles så vel eg ofte Strait of Georgia, av Kevin Steinman, fingarspelet før han byrjar synge. Den songen er heilt magisk, og du burde kjøpe den. Du kjem til å bli glad på innsida.

48. Har du klesplagg frå du var liten?
Det veit eg faktisk ikkje. Men eg veit at syster mi går med mine gamle BH-ar frå eg var fjorten og femten, og det er jo nokre år siden. Men eg rekner med at det ligg nokre kjolar på loftet, det gjer liksom alltid det. Men dei der strømpebuksene mine foreldre tok på meg, i knallblå farge og som gjekk langt opp under armane, dei vonar eg dei har kasta.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
Ein blome eg ikkje veit namnet på, som står i vindaugskanten og ser litt vassen ut.

50. Flørtar du mykje?
Både ja og nei. Eg flørtar jo somme gonger med mannen min, men det er nok ikkje mi sterkaste side. Eg har høyrd av fleire at det kan verke som at eg flørter når eg ikkje gjer det. Eg søkjer blikkontakt, og eg held blikket. Folk kan misforstå av sånt, fann eg ut, men eg gjer framleis det same.

51. Kan du bytta olje på bilen?
Hahaha, eg veit ikkje korleis eg skal få opp panseret på ein bil ein gong. Så no veit du kven du skal ringe om du vil øydelegge bilen din.

52. Har du fått ei fartsbot nokon gong?
Aldri. Det er då eigentelg umogleg, i og med at eg ikkje har lappen. Og i og med at eg berre har lærekøyrd på Fitjar, der det ikkje finns slike fotobokser, og veldig sjeldan slike politifolk med lasermålar. Om eg skulle fått fartsbot, då burde eg fått eit diplom.

53. Kva var den forrige boka du leste?
Eg held på med “Experiencing the Heavenly Realms” som er skriven av Judy Franklin og Beni Johnson. Den er veldig godt skrive, inspirerande og med korte, greie kapittel.

54. Leser du avisa?
Kvar morgon dett Dagens Næringsliv ned i avisa, og det er eit høgdepunkt. Eg elsker å ha peiling på kva som rører på seg i marknaden og i næringslivet, og å ha noko kult å kunne snakka om med andre. Det særaste er kanskje at høgdepunktet i DN ikkje berre er helgemagasina, men og dei seinaste konkursopningane. Eg seier alltid “ja!” høgt kvar gong dei er på trykk, men eg kan ikkje heilt forklara kvifor.

55. Abonnerer du på noko magasin?
Det gjer eg i grunn ikkje. I dei seinare åra har eg hatt abonnement på Aftenposten Innsikt, Shape Up, Kamille og slik. Eg er ein slik person som litt for ofte takkar ja til gode tilbod når telefonselgjarar ringer til meg. Også er det jo ein liten fest å få noko anna enn berre rekningar og sånt i posten, uansett kva det er.

56. Dansar du i bilen?
I bilen?! Det har eg aldri tenkt på. Eg dansa mykje i bilen før, då me køyrde lange turer medan eg gjekk på internatskule eller når eg gjekk på bibelskule og me farta litt overalt. Men eg ville ikkje kalla det dans. Eg ville kalla det rytmisk rørsle til musikk. Kanskje litt urtymisk rørsle somme gonger.

57. Kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
Oi. Det må ha vore den radiokanalen som står på der eg jobbar. Det er så dårleg dekning i det kjøkkenet, at det berre er Radio Metro som ikkje skurrar. Det er ikkje ein god radiokanal, men den står jo på, og sjefane mine syng med for full hals. Så litt glede i kvardagen gjer den. Elles likar eg å høyre på P1 og P2 på helgemorgonane, spesielt på Språkteigen, då vert søndagen fin.

58. Kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
Eg skreiv ned når eg og Sunniva skal ete på Vega neste veke! Eg likar å skrive ned både store og små ting i almanakken min, fordi då føler eg at dagane mine vert fylt med noko viktig, sjølv om det berre er når eg skal trene eller når eg har forelesning.

59. Når var du i kyrkja sist?
Dette her blir eit definisjonsspørsmål! For om ein meiner kyrkja som i eit kyrkjebygg med tårn og spir, så er det omlag ein liten månad sidan, då det var felleskyrkjeleg gudsteneste i Domkirka i Oslo. For ei nydeleg kyrkje! Snakkar ein om kyrkje som ei gruppe menneske som er samla i Jesu namn, så er det førre torsdag. På Veitvet. I eit stove.

60. Er du lykkelig?
Så vanvittig lukkeleg! Eg har det så bra no, og eg kjenner Gud jobbar med meg og at framtida som kjem er så ljos, så ljos, så ljos. Det er spennande å leve, spennande å vakne opp kvar dag.

fyrste lesedag på lesesal

16 januar, 2012 kl 08:49 , av karina

Eg har byrja bli godt vant til lange morgoner, jobbe åtte timar dagleg og vere ferdig med det. Ha tid til å trene, lovsyngje, be og lese før eg går ut huset. Lese gårsdagens avis.

No er eg tilbake på HF, men motivasjonen er einkvan stad i 2011. Har på kjensla at eg kjem til å gjere meir utanomfagleg enn fagleg relevant denne våren.

Men ein kan jo byrja sterkt.

italia totusenogelleve

31 desember, 2011 kl 06:58 , av karina

Berre ein veldig enkel film av vår lange veke i Italien.
Fyrste gongen me brukte 5D til å filma, og når det ser nydeleg ut på ein 27tommar,
er ikkje det så reint ille.

« Gamle dagar

Opp på toppen