Pai til middag
søndag, august 15th, 2010

fredag var aller siste dagen på jobb for mannen min. han gjekk på jobb ein time tidlegare enn vanleg, men kom heldigvis heim til laglig tid, og då stod middagen på bordet, klar til å bli spist av svoltne magar.
spol attende litt no, så skal eg fortelje deg om kva eg gjorde på fredag medan mannen min løfta tungt og sleit seg ut.

eg laga paideig. den vart perfekt, eg lovar deg, akkurat nok og akkurat passe elastisk og god til å bake ut.

valet fall på tunfisk som fyll. saman med sopp og lauk, sjølvklart.

eg brukte vispen vår for fyrste gong og laga eggestand.

eg kjøpte duk, ein fin duk og eg brukte strykejernet for andre gong.

spol litt lenger fram no. middagen er spist. det vart eit stykke att, det ligg innpakka i folie i kjølen. no er det blitt kveld. duken er enno kjempefin utan flekk, så me et kvelds. eg et yoghurt med nøtter og honning. han et bollar. duken får ingen flekkar.
Category ambinsjonar&idear / Tags: /









