Langt, langt borte står det eit fyr og det syner vegen
onsdag, august 25th, 2010


Omlag to timar frå Kristiansand ligg ein stad som heiter Lista, og på Lista står det eit fyrtårn som klingande nok heiter Lista Fyr og som trekk til seg skummelt mange tyske turistar kvart einaste år, også utanom den heftigaste turistsesongen. Der beiter sauene rolig og fredeleg rundt ein, der er steinane runde etter at sjøen har slipt dei ned, der står trærna nesten i vinkel etter den harde vinden. Og midt mellom alt dette står fyret.


Dette skulle me, altså heile forelesingklassen eg er ein del av, ta turen mot på måndag morgon for å ta bilete og lære oss å bruke speilrefleks. Den fyrste intruksjonen me fekk var å ta av linsedekselet. Då lurte eg på om eg var på feil stad, og bestemte meg, igjen, å ta bilete av absolutt alt dei andre ikkje tok bilete av. Eg meiner, nesten seksti menneske som tuslar rundt og tek bilete av akkurat det same er keisamt i lengda. Iallefall resultatene.




Dagen skulle bli fin og flott og avslutta med deilig svinesteik, men eg vart sjuk, bleik og kaldsveitta, så eg tok bussen heim frå Farsund og meir vil eg ikkje fortelje for kvelden var så ille at det er finast å gløyme den og heller tenkje på den flotte mannen som tok meg i mot med middag og lange klemmar då eg kom heim klissblaut og klissleis.
Category kameraamok&knipsedyr, skulen&visdom / Tags: /












