På besøk hjå venner
tirsdag, september 7th, 2010


Fredag kveld, me undra litt på kva me skulle finne på, mannen min og meg. Ingen jobb og ingen planar, mykje pensum, men ingen stor og overtydande stemme som fortalde oss kor himla viktig det er å lese og forstå alt. Så me baka rundstykke og putta dei i ein pose, tok bussen til Søm og besøkte familien Landmark i halveis flyttemodus og halveis innflyttingmodus, med Marialinn springande rundt og med barne-tv på full guffe i bakgrunnen. Dei hadde rødbetsalat og salami, juice og biola, ekte kvitost og godt smør i kjøleskapet så me vart så mett og nøgde at me berre låg oss på sofaen og snakka om livet, medan magen prøvde å fordøye maten.
Fin kveld.
Category fritid&ubrukt tid / Tags: /












