Arkiv for ‘ jesus&livet ’ Merkjelapp

Skarpe bilete og rein trass

torsdag, august 19th, 2010

Fyrste dag på skulen og me fekk ei oppgåve, det å ta eit skarpt bilete.
Det provoserte meg såpass at eg faktisk måtte, berre måtte ta eit par uskarpe bilete, på rein trass.

For onsdag kveld, nøyaktig klokka seks forlot me leiligheten til fordel for bussing.
Bussen var sjølvklart sein, men kva gjer det, når me kan leike med kamera og fange våre egne
bein, halsar, metroskilt og himmelen som for fyrste gong var blå.

Bringebæra finns enno, men me har ikkje plukka eit einaste, faktisk ikkje eit einaste i frykt
om at dei er infisert av eksos, for det sa alltid dei voksne når me var små, at me ikkje måtte finne på
å plukke bær som stod i vegkanten, ikkje tale om ein gong. Så i staden for fangar eg dei inni kameraboksen,
og vonar om meir overskot og mindre vegkant til neste år.

Onsdag kveld, venner er samla, uendeleg med mat og god ost og kjøtpålegg og egg og nyrørte
bringebær, av dei som faktisk har plukka, det å endeleg sjå kvarandre att etter ferien, klemmar og oppdatering,
lovsong og ord som flyr opp mot taket, og som finn vegen ut vindauget etterkvart. Fint.

Å sove på framand benk, med drøymer rundt hovudet

torsdag, april 15th, 2010

Det var den gongen, og her hadde det vore kjekkast å seie at det var for lengje sidan og i gamle dagar,
men sidan det faktisk berre er omlag to veker sidan, så kan ein seie at det var i fortida, men ikkje er spesielt
lengje sidan likevel. Den gongen, for to veker sidan, var eg på veg hejm i frå påskefest,
etter å ha høyrd små born syngje, i bilen til han der talentfulle frå nordlegare strøk, saman med han høge med gitaren og Guds ord, og ho litt mindre, men med symaskin og stor kreativitet. Eg kom plutseleg i hug at eg hadde nøklane i den høgre lomma på kåpa, som låg i bilen til ho smilande frå garden med mange øyer, og at det absolutt ikkje var den bilen eg satt i no. Desverre. Etter litt angst og litt bekymring om ei kald natt utanfor leiligheten, i staden for ei varm ei, under dyna, attmed ovnen, får eg ei innbyding av ekteparet som drikk av syltetøyglas, om å sove på benkjen. Sove på benkjen, tenkjer eg, det kan jo ikkje finnast noko kjekkare enn å sove på benkjen i natt!

Og soving på benkjen vart det til, med nytt sengetøy, tjukk dyne, og ei nattkjole med prinsesse på. Eg sov fram til ei merkeleg hvesing eller hissing eller buzzing, eller kva du kan kalle det på norsk, det likna iallefall på lyden som kjem rett før ei sikring kortsluttar, eller ei veldig sint bie på sommaren.

Alltid frukost. Eg elskar frukost. Frukost er, og blir det kjekkaste måltidet på dagen, og det hender eg legg meg tidleg berre fordi at det vert frukost raskare, morgon tidlegare, og fuglane kjem att snarare. Frukost med vener er betre enn frukost åleine, og då går det heillt greitt utan nøklar i kåpa.

Tysdagsfrukost

tirsdag, april 13th, 2010

Eg vaknar opp, med mykje svevn i auga og mange gode årsaker
til å fortsette med å bli under dyna, men så plutseleg høyrer eg fuglekvitter
utanføre vindauget, eg ser at det byrjar å lysne og eg hugsar på at
i dag er jo dagen eg skal ete frukosten saman med herlege mennesker,
i staden for å sitje åleine og utforske avisa.

Runde, brune egg vert til ei herleg eggerøre,
og etterkvart får eg og mi kjære Monica på oss kåpa,
og skorna og sekken og smilet, før me forsvinn ut døra i det
dei andre jentene kjem subbande med pysj og tunge augelokk.
Me smilar lurt, fordi me veit at me har noko godt i vente,
og magane våre rumlar høgt no, fordi det er så lengje sidan sist.

Me kjem inn til smilande menneske og ei lun stove,
der epler og appelsinar og rundstykke og paprika vert kutta opp,
og det ryk av tekanna og kanna med kaffe og me smilar,
fordi me kva som venter oss, og fordi me elskar å vere sett saman med
slike gode folk, og dele slike gode stunder, før me takkar Jesus og
skundar oss til skulen, to på ein sykkel.

Firkanta auge og runde magar

mandag, april 12th, 2010


Det er noko spesielt med Trondheim, altså. Atmosfæra er liksom så lett og så enkel, enn til dømes i Bergen. Gud er jo i godt humør, og i Trondheim er det jo akkurat som om dei er fullstendig klar over det.

Det var med andre ord ei glede å kunne komme til Trondheim, å vere saman med fantastiske folk i heile fire dagar. Etter å ha haika til sentrum frå flyplassen, møtte eg Katrine som transporterte meg heim til blokka og familien hennar, der eg skulle bu dei kommande dagar. Eg budde på ei madrass i ei nykjøpt leilighet, som berre innehaldt ein sofa og eit bord, men det var nok når ein berre skulle sove og pussa tenna.

Årsaka til at eg var i Bartebyen denne gongen, var at bibelsiden.no innbydde til maratonhelg for å skrive, redigere, evaluere, og klargjere for veven, alle dei 66 fordypningsartiklane om dei ulike bibelbøkene. Det var ei heftig arbeid, for å seie det mildt, og me gjorde mange, mange, mange månedsverk på berre nokre dagar og timar.

Dataparty inneheld som oftast cola, chips, søtsaker og gjerne ein grandis. Men ikkje her. Riktig nok var det både cola og digg, men og Farris, og frukt, heimelaga pastasalat, eggerøre og potetsalat til lunsj. Til middag diska ein ekte asiat frå Myanmar ( Burma ) opp med ekte asiamat, som smaka heilt fantastisk. Då kjenner ein at ordtaket ”augene vil ha meir enn magen” stemmer særs godt.

Dataparty held ofte på til langt over midnatt, men i dette høve byrja me klokka ti, med berre to pausar, så då klokka bikka ni på kvelden, byrja den dårlege bibelhumoren og lause kommentarane. Så me gav oss tidleg, for å ha tid til kveldsmat og å faktisk snakke med dei som satt bak dei andre dataskjermane.

Sundag ettermiddag var me ferdig, og drog til flyplassen, som faktisk gjekk betre denne gongen enn førre tur. Me rakk flyet, som var tidleg ute, og eg kom meg hejm og kom meg i seng faktisk før elleve. Mett av inntrykk, mett at HTML-kodar, men ikkje mett av gode folk og godt selskap.


« Gamle dagar

Opp på toppen