Arkiv for ‘ fitjar&nostalgi ’ Merkjelapp

Fest på Fitjar

lørdag, august 21st, 2010

Ofte skjer det kjekkaste på impulsen, som når eg kjem attende tidlegare enn forventa, og har tid til overs, som ofte skjer når ein sparar tid , og kanskje pengar og. Fredags kveld, eller ettermiddagen kanskje, og komlene var fortært til ein stor gullmedalje, og eg meiner alvor når eg seier at eg kunne meldt meg på mesterskap for komlekonkurranse, men det einaste som hindrar meg er mageknipen som kjem etterpå.


Båten gjekk halv seks, ut mot ei av dei trehundreogsekstifem øyene som Fitjar har uti havgavet. Det bles litt på sjøen, og bølgene slo mot ripa så me holdt oss fast og skjønte at det å fikse seg på håret før konserten var fånyttes, dessutan varsla himmelen regn og det som verre er, så dei høge støvlene mine som står i gangen heime var sårt sakna.







På Smedholmen hadde dei Mjødbenk og Etehilde, og bokhyller skrudd opp på trærna for dei som kanskje ikkje var det for musikkens del. Kaffe vart kokt på kjele over opne eldstader der menna samla seg for å tine frosne fingrar. På Mjødbenken serverte dei øl som var for store for glasa og lyste opp tilværet med bestemors lamper på lilla benk. Og me fekk gratis regnponcho, eg som hadde tatt med mine heime frå, og nokon tog med seg sydvest og regntøy, som Signe.



Klokka sju starta gilde, med Kings of Convenience, bandet eg har hatt lyst til å danse til så lenge, og no stod dei framfor meg og baud opp til dans, så då gløymde eg kamera og at regnponchoen rakna sekund for sekund, og lot musikken sive inn medan eg lukka auga.



Etterpå, så altfor snart etterpå dukka The New Wine opp, og dei hadde dårleg lyd og var det mest publikumsjy bandet eg nokon sinne har sett, dei berre spela låtane sine som på samlebånd, ein merka ikkje gong at dei hadde bytta låt og måtte tenkje seg om.




Til slutt, sånn heilt til sist før himlen opna seg, lynet slo ned og toreværet var rett over oss, før den milelangen taxikøen som var obligatorisk i og med at me var ute på ei øy, så gjekk Kakkamaddafakka på scenen, og sjølv om beina var sliten av å danse i takt, så kunne ein ikkje hjelpe seg når dei kom og ba oss klappe umenneskeleg raske taktar eller danse til me fall i bakken, det vart heldigvis ikkje så ille, men ein sank raskare og raskare ned i gjørma.

Å komme attende til graset

lørdag, august 21st, 2010

Fredag, klokka fem på åtte, eg parkerer og låser sykkelen mellom titals andre som har tatt plass før meg, eg hugsar som sagt å låse den, eg tek med meg veske og kamerabag og går elegant, eg trur iallefall det, til toget som ikkje går før om ti minuttar og eg fnys litt fordi eg er så himla tidleg ute. Trøyttleiken tek meg snart, eg blundar omlag heile vegen og orkar ikkje dra opp kamera ein einaste gong, eg har jo sett alt førut, har eg ikkje?



Etter åtte timar på reisefot, og etter månadar i ein liten storby, der me ikkje ein gong har blomar i hagen som kan leike saman med eple- og plommetre, så klarna det opp sinnet då eg på min spasertur kunne lukte nyslått gras. Då kuene og sauene beita saman, som gamle kjenningar, då eg fann halvmogne bjørnebær mellom blada og siv som svaia i vinden. Eg såg gjørme, ekte gjørme, og trekløver og firkløvar som stod tett saman.


Å sjå at det bles så mykje at søppelspanna fell ned, og å komme attende til seine helgefrukostar med kraftige omelettar og kunne saumfare helgeavisene utan å måtte betale ein tjuekroning. Det er ikkje lenger heime, men det er langt borte, men likevel rørar det med hjarta kvar gong eg kjem attende, og eg kjem alltid attende til ei dør som aldri er låst.

Ingen tankar

Category fitjar&nostalgi / Tags: /

Hærleg hælg

søndag, juni 6th, 2010

Siste helga med sivilstatus ugift på Fitjar, og det har vore ei helg der me ikkje har gjort
noko som helst fornuftig. Det stemmer, me har ikkje gjort noko som helst produktivt,
bortsett frå at eg har laga mat i ny og ne, og me har gjerne skrive nokre ord til bryllaupet.

I løpet av dei siste dagane har me gått på
1 fjelltur eller kall det joggetur i fjellet om du vil.
2 deilige helgefrukostar har me konsumert, og nærast grodd fast i kjøkenstolane
3 gonger måtte eg smøre meg med solkrem, faktor 35. likevel vart eg litt svidd.
4 gonger har eg sagt at eg elskar han. pluss nokre titals til.
5 smuudis har eg åte. nam.

1 tanke

Category fitjar&nostalgi / Tags: /

Nokre meter over havet

lørdag, juni 5th, 2010

Fjelltur i Noreg er nok ikkje det same som i til dømes India.
Eller Nepal for den saks skuld, der fjelltoppane ragar mange tusen meter over havet.
Likevel, når sola skin og almanakken er tom, når huset er tomt og ein berre kjenner på seg at ein
ikkje kan bli inne akkurat i dag, uansett kor mjuk sofaen er, så drar ein på fjelltur.

Så eg og min kjære tok joggeskorna på, ryggsekken med kamera og vatn, og me gjekk.
Høgre fot, venstre fot, repeat, repeat. Sola steika ikkje akkurat, ho gøymde seg bak nokre florlette skyer,
slike som ikkje ser ut som om at ein kan springe rundt på dei, men slike som ein kan blåse forsiktig
bort berre ein kjem høgt nok. Bakkane som var så lange då eg var liten og hadde kortare bein,
er no unnagjort på nokre få minutt, og turen som tok ein heil skuledag var unnagjort på eitt-to-tre.

For me kom oss opp, og me kom oss attende, og me kom attende til steikande sol på terassen,
midt i solveggen, og gløymde alt anna som stod i almanakken, for å nyte den friske havlufta og brisen frå nord.

Ingen tankar

Category fitjar&nostalgi / Tags: /

« Gamle dagar

Opp på toppen