Arkiv for ‘ bergen&trange smug ’ Merkjelapp

Utvask og utgang

mandag, juni 21st, 2010

At ein på død og liv skal vaske heile huset, med veggar og tak før sommar og før jul har eg aldri vore noko særskild begeistra over. Som oftast har eg nok prøvd å snike meg vekk, eller ta den oppgåva som eg trivst best med, som oftast er kjøkenet, av ein eller merkeleg grunn. Sortere plastposer, lage system i mathyllene, rydde og vaske ut av kjøleskapet og bli overraska over kor mykje ekkel mat som er lagra.

Me måtte jo sjølvklart vaske ut for dei sju gutane som skal bu i vår seksroms. Det er ikkje merksnodig eller underleg, det er sjølvsagt, men det betyr ikkje at det er jubel og fest i mitt hjarta. Det betyr heller at eg er stressa om eg får tid til alt. Me stod no iallefall opp laurdag, som er den ordentlege vaskedagen etter sitt norønne namn, og me vaska. Vaska grundig, vaska vegger, vaska tag, vaska omn, vaska golv og vaska det meste anna som kunne vaskast. Eg får alltid så himla lågt blodsukkert så veldig raskt når eg vaskar. Så då går ting litt treigare enn reint naudsynt.

Ferdig vart me, iallefall nesten, og med litt moro sånn innimellom. Med litt mat. Litt ekstra pakking. Litt shopping i Åsane, med orsaking at ein treng bananesker. Litt lågare blodsukker, som resulterar i sinte lepper, vond rygg og trøytte auge. Men me vart no ferdig.

Ingen tankar

Category bergen&trange smug / Tags: /

Aller siste frukost

fredag, juni 18th, 2010

Sola hadde ikkje titta over fjella heilt enno, det var skugge på vegen, eller kanskje det berre var mangel på solskin. Blomane hadde spreidd seg utover heile buskane, kitla litt i nasa medan eg trippa vidare, bortover, over elva og med eit smil kunne vere viss på det hadde ikkje regna på lengje og det var fint, så innmari fint, midt på morgonkvisten. Eg måtte lukka auge og gøyme meg bak augelokka då eg ringte på, for Kjersti&Idar har kamera på ringeklokka, som er pittelitt skummelt, men ikkje så skummelt når ein innser at ein ikkje rekk opp.

Eg flyttar om nøyaktig ein dag og tjueein timar, noko som er både gledesjubel og bekymringsrynke på ein og same gong. Og det betyr at tirsdag morgon aldri blir den same att. No var det riktignok ikkje ein ordentleg tirsdag i går, men det var torsdag, og det er berre ein bokstav i forskjell, så då går det greitt.

Eg trudde at eg kom tidleg, trudde eg, men der stod alle innafor, med store frukostsmil og varme rundstykke på bordet. Kjersti diska opp med frukostmuffins og eg tok med meg magisk te frå India, og me berre åt. Og åt. Også åt me litt meir.

Vår frukost plar vanlegvis å ende der, når klokka er åtte, me har spist i ein halvtime og bedt i ein halvtime og alle faktisk må springe raskt, raskt på skulen for å ikkje vere sein, men det var berre Anita som sprang fort i dag. Eg hadde eksamen om mange timar, hadde is i magen og mangel på konsentrasjon i hovudet, så me vart sittande. Og sittande. Sikla på symaskina til Kjersti, som har datamaskin på innsida, såg på det fine brureparet i sjokoladeskåla, las Tintin i sofasenga deira og Lars Erik fekk klyppa seg og.

Ei helg med drøyming, men utan draumen

mandag, juni 14th, 2010

I det siste har eg blitt overtalt til å lyge. Ikkje noko alvorleg, ikkje noko eg kan komme i fengsel for, men eg måtte lure min kjære til å tru at me skulle på fjelltur til Ulriken laurdag tidlegmorgon. Fordi det var så fint vêr. Om min kjære hadde sjekka værmeldinga, hadde han snart forstått at eg entan var blind og dum, eller at det var meir enn ei ugle i mosen. Heldigvis sjekkar ikkje min kjære vêrmeldinga når eg har gitt han oppsummeringa.

Dei kom altså for å ta han, i gassmasker midt på natta, eg hadde besvimt av mindre. Ikkje fekk han ta kleda på seg, og ikkje fekk han ta med mobiltelefonen, han fekk ikkje vakne eingong. Eg satt heime og beit neglar og vona hardt han ikkje skulle døy. Neida, eg gjorde ikkje det, det får då vere grenser for kor lite tiltru ein skal ha til unge menn. Eg vakna altfor tidleg, nærare klokka seks enn klokka åtte, og eg kjeda meg frå fyrste sekund. Tenk det, ein laurdag der du kjedar deg før du har stått opp. Det kan ikkje love bra.

Men eg stod opp, eg pussa tenna og vaska ansiktet, tok på meg kleda som ikkje var svarte, og på magisk vis vart ananas, appelsin og banan til ein kvit draum som smelta på tunga. Sesongen har ikkje enda enno, og eg et framleis berre grøntfôr, og har det i grunn ganske keisamt og einsidig i kosten for det meste. Eigentleg burde eg ha pugga eksamen frå tidleg av, men eg tok meg fri i staden for, skrudde frå kvarandre ikeahyller og pakka eiendeler ned i bananesker som skal flytte med meg heile vegen til sørlandet, om berre nokre dagar. Så rydda eg litt meir, og fann nokre gamle poteter heilt bakerst i skapet. Eg spiste dei ikkje, for å seie det slik.

I stadenfor vart det ein rosa draum til kvelds, som eg berre måtte smake på før eg eigentleg var ferdig, og eg hadde ikkje sminke på, så eg såg ut som eit spøkels, og eg såg film åleine, eg seier det ein gong til, eg såg film åleine. For fyrste gong på sikkert eit år, minst, om ein ikkje tel med den gongen på flyet på veg til India. Og eg såg han på min tretten tommars Charlie, til og med, og eg pausa ikkje ein gong. Noko har skjedd, kven veit kva.

Eg måtte lukka auga då den kjipe scenen kom, for eg likar ting som gir fin kjensle i magen, som rosa og kvite draumar, ikkje ting som knusar, som vert øydelagd eller noko midt i mellom.

2 tankar

Category bergen&trange smug / Tags: /

eksamenmelankoli

lørdag, juni 12th, 2010


monica har gitt blod, etter nokre veker med karantene.

Fram til i år har eg berre hatt eksamen og prøver samstundes som det er sol på utsida av vindauget. Slik er det ikkje i år. No regnar det, og etter eviglange dagar med solskinn, med blomebløming rett utanfor rommet, men tidlegere morgonar og seine kveldar, rett og slett fordi eg ikkje får sove når det er ljost ute, og heile kroppen er innstilt på meir, meir, meir.

Saman med regnet kjem melankolien, ikkje det heilt forferdelege som gjer at ein sit apatisk og stirrar inn i ein nittitalsgulmåla vegg, men ein sånn melankoli som gjer at ein berre må skrive noko som krev for mange ord, for mange setningar og for mange kommateikn, og gjerne nokre semikolon og, berre fordi dei er så fine.

Midt i regnet ser bilen til dua mi nærast ut som om den skal til bryllaup, eller noko gjævare, men det trur eg ikkje finnst. Midt i regnet sjekker eg postkassa i sommarskor, og vonar at pakkane snart kjem, og at bosset snart blir tømt, før det flyt over og det ligg rotter strødd over vår plen. Me har nemleg to kattar som bestevenner, så det er ingen fare for at dei kjem inn til oss, ingen sjanse i det heile tatt.

Ingen tankar

Category bergen&trange smug / Tags: /

« Gamle dagar

Opp på toppen