Arkiv for ‘ ferie&annleis dagar ’ Merkjelapp

Høge mastar som leikar med skyene

søndag, august 1st, 2010

Min mann kom ned med ei bakt potet då eg var ferdig på jobb, eg fekk skifta klede og vaska hendene med sprit minst tre gonger før eg følte meg komfortabel med å ta i ein gaffel, og det fyrste som skjer er sjølvsagt at me støkk til, ikkje av granatar eller gevær, men av ei kanon som nokon utkledde menn står og fyrer av. Men kanskje eg ikkje skal sei høgt at dei var utkledd, kanskje dei føler seg som ekte sjømenn, med parykk og sjøstøvlar, kven veit.

Me tusla rundt på eit område som lukta popcorn, der det var titusen gongar mindre folk enn dagen før, det er sikkert regnet tenkte me, og lo, me som har budd i Bergen og overlevd alt, alt i frå yr til storm, og lært at det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klede. Og dårleg timing. Ein kan sjå på værmeldinga veit du, men det er kanskje ikkje fullt så morosamt no som dei gamle gode meterologane har pensjonert seg. Så lo me litt meir av været og prøvde solbrillar, dei minst delikate me fann, berre for å skape ein kontrast.

Mastene var høge, fleire meter og dei leika med skyene, og me lurte på kor mykje skutene gøymde under vatn, om dei hadde noko bulb, eller om dei berre flaut magisk, omtrent som den flygande hollender, og me vart samde om å google det når me kom heim, akkurat som alt anna me lurer på, men me gløymer det alltid etter ein av oss har talt til ti omtrent. Ofte raskare.

Så fekk eg auge på dei to tinga som fascinerte meg mest under heile helga. Det var elgen og elgburgarane, eg forstår ikkje at dei finn på noko så rart som elgburgar og elgpølse, det må jo være verdas største skuffelse, femogsytti kroner for ein liten burger der einaste tilbehøret er tyttebærsyltetøy, liksom. Me kjøpte ikkje, berre fascinerte oss over det. Også var det elgen, som sikkert var sett opp for alle franskmenna og indonesarane si skuld. Indonesarane var det tredje som gjorde meg nyfiken. Ser du midja deira? Absolutt heile mannskapet, bortsett frå sjefane, for dei er rike og har råd til feit mat, hadde midjer som var tynnare enn det tynnaste kvinnfolket eg kjenner. Hadde dei korsett? Er dei fødd sånn? Er det ein optisk illusjon? Det var iallefall himla gøy å berre smugkikke på dei, spesielt då dei dansa linedance og me følte førtiårskrisa smyge seg gjennom forsamlinga, så me flykta ganske snart.

Vidare til den egyptiske basaren. Og osten. Og oliven, og lukta av konstant nybakt brød frå merkelege franskmenn som sa hallo til deg på ein slitsom måte minst tjue gonger før du registrerte at ho faktisk snakka til deg, for auga var liksom overalt, og iallefall ikkje på kunden. Pengane brann i lomma, den eine hundrelappen me hadde att etter helgehandelen, så me endte opp med eit hekto herlege oliven og hundre gram chevre til søndagsfrukost og andre liknande herligheter.

Sjølv om godteriet hadde dei mest fantastiske fargane og sikkert smakte søtt og godt, slik godis skal, så var me sterke saman og gjekk hand i hand vidare utan ein gong å røre, smake eller sjå for lengje, til og med dei belgiske vaflane fekk me flykta frå, før me oppdaga at sjømannskyrkja gav bort nysteikte vaflar gratis, så då gjorde det liksom ikkje så mykje.

Og når det gjeld fyrverkeriet. Det såg me heime på balkongen og høyrde tåkelurane i senga medan me snakka om alt på ein gong og vart meir vaken av å ligge i mørket enn å gå under gatelyktene.

I Stokke, på Stokke

mandag, juli 19th, 2010

I Stokke har dei evige enger med korn og alt sånt anna, mange veksthus og drivhus og sånne ting og, og det er liksom den perfekte østlandsidyllen, ein liten stad midt mellom alt det store i verda, og ein kan i grunn lure på kvifor ein drar på ferie her, og søv bak i ein bil, der sjølvaste bondegården vekker ein tidleg på morgonen, eller sola kryp inn gjennom dei store vindauga.

Det er ikkje eit større mysterium enn at det er i Stokke, på Gjennestad Gartnerskole at Kristent Nettverk sin årlege sommarfest vert arrangert, og eg har vore deltakter dei siste to åra, i år er det tredje, og det er eit høgdepunkt, eit must, og det var så rart å berre vere der to dagar i staden for fem, men me fekk så mange klemmer, gratulasjonar og gode ynskjer at det gjorde ingenting. Etter slitsom dag i Oslo med våre trøytte bein, så var det herleg å akkurat rekke kveldsmøtet, hoppe ( me hoppar ganske mykje, ser du ) rett inn i lovsangen og gløyme stresset, maset, kavet og alt anna tull som ballar på seg i løpet av kvardagar.

Så drog me heim, søndags ettermiddag, glade og nøgde, fordi me hadde meir med oss enn då me kom, og fordi me gleda oss til å komme heim og slappe av, for ein vert sliten av ferie, det er ikkje tull eingong, og me var heime klokka seks og var slitne, men vakna likevel, for ein kan jo ikkje legge seg så tidleg, så me las gjennom fugleboka mannen min hadde fått av meg og den skal syne fram seinare, saman med skattane eg fann.

Ingen tankar

Category ferie&annleis dagar / Tags: /

Slutten på veka, starten på helga, men framleis idyll

mandag, juli 19th, 2010

Kor eg gleda meg til frukost denne dagen, kor det skreik i magen då eg vakna, og eigentleg før det og, for ein blir ikkje skikkeleg mettmett av sushi, berre sånn herleg utopimett, sånn som er fint fram til ein vaknar dagen etterpå og kjenner at ein treng mat, ein treng det snart. Me pakka saman, min kjære mann og eg, alle toalettsaker og klede som låg strødd utover leiligheten me hadde fått låne, og tok bussen ned til byen, men av ein merkeleg grunn stoppa ikkje bussjåføren der me plinga, og me vart litt sinte, og planane måtte endrast spontant, så me gjekk til eit anna hotell, mykje mindre koseleg, men like god mat, der me skulle ete frukost.

Hotellet var fylt av franskmenn, og engelskmenn og tyskarar og det var så fint å sitje mellom slike som ikkje anar kva du snakkar om, og me kjente oss veldig som turistar då dei snakka høgt. Maten var god, og det er litt sånn når det er spis-så-mykje-du-vil, at det er vanskeleg å velje, vanskeleg å variere, spesielt når eg fant det beste brødet, med ein heilt ny påleggskombinasjon, for eg kombinerer som ofte fleire pålegg. Då var eg tapt, eg kunne ikkje noko anna enn å ete tre skiver av grovbrødet med kremost, honning, banan og litt kokos, sånn som ein finn i frukostblandingar og nøtteblandingar og. Og det var som om magen ikkje hadde botn, meir og meir påfyll, og det samme gjaldt mine kjære som endeleg fekk eggerøre som ikkje var hardsteikt sånn som eg likar den, og sprøsteikt bacon og deilig brød og kakao, og alt på ein gong. Salig.

Eg hadde kjøpt magasinet til mariell fordi eg kom på at eg er jo i grunn ikkje særskild kjend i Oslo, iallefall ikkje når me er to, eg kan jo i grunn berre drøyme meg vekk i bøker og drikke te heile dagen, men sidan me no er gift og er to menneske med ulike hovud og draumar og tankar og sånt, så var det fint med ein osloguide, som me ikkje fylgde slavisk, men me tusla no oppover Grünerløkka og stakk innom dei butikkane som såg spennande ut, og fann mykje rart, men me la ikkje att pengar til noko anna enn bøker og brød den dagen. Og til is, eg som eigentleg ville ete is og lese boka mi og ete jordbær på graset, men så vart mannen min kvalm og eg vart kvalm etter isen eg og, og fann ut at is er igrunn ikkje noko for meg, med mindre det er yogurtlettis eller sorbet, for eg vert berre kvalm og ekkel i heile magen, og det er ikkje verdt, sånn i grunn.

Eigentleg har eg ikkje lyst å fortelje om ettermiddagen, då me kom attende ned til sentrumsentrum, for det vart så stressande, det vart kaos og tida berre sprang frå oss og alt var litt kjipt og eg ville eigentleg berre ligge meg ned og ikkje tenkje. Me skulle liksom slappe av dei siste timane i parken, men herlighet, me var jo svoltne og måtte ha mat, også fann eg ingenting eg ville ha, og gjekk rundt i ein halvtime og leita etter eit eller anna, medan svolten gnagde og eg tenkte at akkurat dette har eg opplevd for tre år sidan faktisk, og det var ikkje noko gøy, så eg fann endeleg noko og angra sårt på at eg ikkje berre kunne bestemt meg for det same for ein halvtime sidan, men me fekk ein halvtime på graset og han fekk ein presang, og me var samde om at denne dagen var ikkje så bra, og me var lei oss for det, for no skulle me jo reise med ein gong og hadde ikkje høve til å gjere den betre i Oslo, men kanskje alt vart betre i Stokke, sannsynligvis vart det det.

Ingen tankar

Category ferie&annleis dagar / Tags: /

Ein torsdag med regn&sol

søndag, juli 18th, 2010

Åh, eg vakna så tidleg, nett som eg aldri hadde sovna, nett som om natta eigentleg ikkje hadde komme, og det var timesvis til alarmen skulle ringe og vekke oss, då me helst skulle gni søvnen ut av auga, framleis litt slitne og trøytte etter gårsdagens reise, men allereie to timar før var auga mine ljosvakne og det einaste eg kunne tenkje på var at eg var vaken, vaken, vaken, og at det passa litt dårleg. Min kjære sov tungt ved sidan av meg, og eg hadde ikkje litt samvit ein gong til å vekkje han, men likevel gjorde eg det då eg vrei meg ut av senga, og han mumla noko i halvsøvne medan eg sa hysj-hysj, og eg la meg stille ned att og byrja å lese og spele TP i staden for.

Trikken går ofte, og me hoppa inn, eller eigentleg gjekk me ganske roleg, men det høyres jo meir dramatisk ut om me seier at på hoppa av eller på, eller sprang etter den, men me gjorde ingenting av det, me kom oss berre opp til Grünerløkka, for me var frukostsvoltne og høyrde rykter om at bakaren hadde ferske rundstykke og brød og herleg pålegg, betre enn kva me har i kjøleskapet heime, og det stemte så fint og me satt no der i bakgården, saman med gråspurvane ( min kjære veit alt om fuglar, eg lovar deg ), og åt og drakk og berre stirra på kvarandre, sånn som nygifte og nyforelska kan gjere utan at det blir flaut eller kleint eller keisamt.

Me gjekk hand i hand mot museum og hage, før me steig inn i ein bruktbutikk fordi dei hadde så morosamt vindauge, og eg fekk drøyme meg bort i bokhyllene, fylt av gamle skattar som eg ikkje forstod kvifor nokon eigde enno, medan han var på jakt i fantastiavdelinga, og kanskje litt der dei hadde film og, men han, min kjære altså, er mest gira på nye filmar i supertoppkvalitet, og ikkje dei gamle i svartkvit som eg helst vil sjå, men det går jo fint, for når det er skummelt kan eg berre lukke auga og holde meg hardt fast i han.

I museumet hadde dei utstoppa dyr, om det ikkje var kopiar, dei heia på Darwin og skreiv om alt som om det skulle vore rein fakta, som om ingen teoriar, og me humra litt då og kikka på kvarandre med smil rundt munnen. Dei hadde skjelett i taket, men ikkje like store som i Bergen, så me var litt skuffa. Så vart me slitne i ryggen, og tok ein pause i eit smug der ingen kunne sjå oss også pausa og pusta me og gøymde oss litt frå larmen og regnet. For det regna, når me eigentleg ville vidare, det verkeleg hølja skikkeleg ned, meir enn dei hadde sagt på TV, så me gjekk istadenfor og såg på steinar. Steinar, sånne vanleg gråstein som ein finn overalt, men og edelsteinar og diamantar i rare fargar og formar, nesten så me vart fascinerte.

Og no har eg skrive mykje, ganske mykje, men eg kan fortelje at turen gjekk for å ete lunsj, for begge hadde lågt blodsukker, og me er litt farlige for kvarandre då i grunn. Indisk vart det, og medan eg drøymde meg tilbake til mai då eg var i eit av dei finaste og mest spennande landa eg har vore i, medan han var storveis glad for at me var i Noreg, på Grønland, men det er jo kanskje ein sånn mellomting. Så tusla me vidare rundt på lette bein, og fann fine klede til min kjære, og eg åt ein bit lakris.

Før det byrja å klarne opp og me vart middagssvoltne att, og min kjære overraska med meg sushi, på ein finfin restaurant der det ikkje var nokon andre ein torsdags ettermiddag, og me åt dyrt og me åt godt og det var herleg, men me var slitne, så det vart ikkje kino eller kakao og te, det vart trikken heim og me sovna til slutt, også eg denne kvelden, heldigvis.

Ingen tankar

Category ferie&annleis dagar / Tags: /

« Gamle dagar

Opp på toppen