Spennande oppdagingar
onsdag, juli 29th, 2009
Eg har i den siste veka hadde to spennande erfaringar og oppdagingar.
Ikkje nødvendigvis særskild kjekke erfaringar, men erfaringar er no alltid kjekt å ha.
Den fyrste erfaringa, er at når dette bilete er avbilda på noko,
så er det ei svært god årsak til det.

Eg snakkar om oppvaksmiddelet me brukar på jobben. For at ovnen vår skal bli rein, etter å ha steikt kjøt og kylling i nesten ti timar, så treng det kraftige sakar for å få det reint. Me har fått streng beskjed om å bruke hanskar når me puttar dei i ovnen. Noko eg sjølvsagt gjer. Men, då eg skulle opne den eine vasketabletten, så spratt ein liten del av den rett inn i auge mitt. Eg gjentar, den spratt rett inn i auge mitt. Når ein skal unngå å få vaskemiddelet på huda, så ser eg jo at det ikkje er heilt ideelt å få det inn på augene sine. Men, mirakuløst nok, så gjekk det faktisk fint! Eg tenkte “Gud, hjelp!” når eg forstod sånn ca kva som hadde skjedd. Snartenkt som eg svært sjeldan er, sprang eg og fekk vatn på auge. Etter eg hadde knipe det att i nokre sekundar, berre for å finne ut av det berre svei enno meir. Eg trur jammen meg at Gud høyrde bønna mi eg, for det einaste eg enda opp med var at det auge som fekk vaskemiddelet på seg, vart litt sårt og hovent heilt innerst. Du må ganske nære, for å sjå noko skilnad. Eg såg litt for meg at huden rundt auge hadde etsa vekk, noko eg veit ikkje ser heilt bra ut, etter å ha sett den andre Batman-filmen, der Two-Face dukkar opp…
Den andre oppdaginga mi, er at eg faktisk har ein del ting.
Eg har lenge vore av den oppfattinga at det einaste eg har, er klede og bøker. Eg har også alltid hevda at eg er ein av dei få jentene som ikkje har mange vesker eller skor. Vel, det stemmer ikkje heilt. Akkurat no held eg på å flytte til Bergen by, og eg er faktisk overraska over kor mykje eg har fått plass til dette året, i det vesle bøttekottet som vart rommet mitt. Det verste er at det ser ikkje særskild mykje tommare ut no, då over halvparten av mine personlege eiendeler er plassert i bilen. Hm.

Elles så kunne eg skrive langt og lenger enn det, om at det er lite tilfredstillande å ha ferie åleine på Fitjar. Det regnar, det bles, ein er sliten etter arbeid, og mykje anna enn det. Men det gjer eg ikkje. Eg skriv heller om at den personlege økonomien min ( eg har nemleg eg ikkje noko upersonleg økonomi ) er på veg nedover, på grunn av at H&M har fått ein ny kolleksjon ( trudde aldri eg kom til å få bruk for det ordet, eg veit ikkje kva det tydar ein gong ) og fordi eg skal på IKEA neste veke. Det gjer meg eigentleg litt lite, for det er kjekt med fine ting. Til ein viss grad. Og til ein viss pris, eg er ikkje heilt naiv.
Men, no. No drar eg og trenar.
For å få ut all den energien,
som merkeleg nok ikkje har forsvunne etter åtte timar på jobb.
Må har vore noko eg har ete.
Category ferie&annleis dagar, fitjar&nostalgi, fritid&ubrukt tid / Tags: /































