Arkiv for august, 2009

Ei historie

torsdag, august 27th, 2009

No har eg lyst til å fortelje ei historie.
Den omhandlar tre jenter, som etter å ha vore på Gudsteneste,
sagt hei til absolutt alle dei kjente og vore framme på scenen for å presenteres for menigheten, dro til Bunnpris nede i sentrum av Bergen by. Årsaka var at dei trengte litt snop og digg til nokre menneske skulle komme heim til leiligheita deira, for å ete kvelds saman. I tillegg hadde dei behov for mjøl og slikt.

Fyrst fekk dei fem baguetter gratis, sidan dei gjekk ut på dato.
Så dro dei til den andre butikken, på andre siden av byn.
Der fekk dei det du ser på bilete.

Det vart godt, nybakt brød, saman med eggerøre, syltetøy og sjølvsagt eindel digg, og litt alternativ kaffe. Alltid godt med fellesskap og latter!

1 tanke

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Nytt liv, ny stad

torsdag, august 27th, 2009

Eg er i grunn ganske god på å oppdatere.
Så lenge eg har internett, vil det bety.
No har eg vore på flyttefot dei siste vekene, og levd livet i ein leilighet som ikkje har internett, men som har tvkanalar. Og eg som skulle leve eit liv utan dei grusomme programma som kjem inni fjernsynboksen. No bur eg heldigvis ikkje saman med vener i ein leilighet rett ved Haraldsplass Sjukehus, for dei som veit kvar det er. Det er eitt minutt til akuttmottak, fem minutt til butikk og sju minutt til skulen. Me har med andre ord alt me treng i rekkevidde.

I mangel på strykejern, har eg og Preben sydd opp gardiner ved hjelp av glattetanga mi.
Og i mangel på hammar, har eg og Monica brukt skorna våre til å hamre spiker i veggen.

Livet på Bibelskulen er akkurat som eg tenkte meg, nemleg heilt fantastisk.
Strålande klasse, flotte lærare og det priveliget at ein kan høyre undervisning rett frå Bibelen heile dagen lang.
Det slår vidergåande rett ned i støvlane, for å seie det mildt.

Elles velsignar Gud meg over all evne for tida, med både godteri, tyggis, kjeks og ost, mellom anna.
Det skjer ved at eg går på Bunnpris og finn varer som er gått ut på dato.

Bilete du ser er forresten beviset på eit mirakel.
Eg, og to av dei eg bur saman med, fekk akkurat inn sofaen me kjøpte på Fretex.
Hallelujah, mildt sagt.

1 tanke

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Opp på toppen