Arkiv for september, 2009

Sørlandet – ein stad det ikkje regnar

mandag, september 28th, 2009

Denne helga har eg vore nede i Kristiansand. Det var ein liten spontantur, i og med at Erik, ein ven hjå Preben, køyrde ned frå Haugesund. Så me heiv oss på bussen torsdag ettermiddag, og bussa/køyrde nedover. Det resulterte i at eg måtte droppe lovsong-undervisninga på skulen. For noko tull. Alt ein må ofre for familie og bryllupsplanlegging!

Me heiv oss som sagt på bussen, og sov omlag heile vegen ned til måkebyen nummer 2. Frå måkebyen nummer 2, dro me til Måkebyen over alle måkebyar. Me var framme hjå mine kommande svigerforeldre ( svært drøyt når eg seier det slik ), ca halv elleve. Og sjølv om eg hadde døst i omlag åtte timar, var eg svært trøytt. Det er i grunn ganske deilig å sove når ein er trøyttare enn ein stein, og då passa det fint å sove på madrass på billiardrommet. Eg hadde eigentleg gleda meg til å sove oppå billiardbordet, men den gang ei. Neste gong!

Fredag dro eg og min kjære til byen. Der var det faktisk sol! I motsetning til korleis ståa er i Bergen akkurat no. Det var mildt sagt heilt fantastisk. Me tusla rundt, og kjøpte i grunn svært lite til å vere der så lenge. På kvelden fekk me besøk av besteforeldra til Preben. Spennande personar! Merkar eg eigentleg trivest svært godt saman med eldre mennesker som snakkar om ting eg ikkje forstår. Det er lærerikt, og det meiner eg heilt alvorleg.

Laurdag var ikkje like avslappande. Kvifor? Fordi me i stor grad køyrde rundt for å finne ein ålreit stad å halde bryllaupfest på. Alt er dyrt, og enno litt dyrare. Eller så er det langt ute i gokk, eller ikkje fint i det heile teke. Slitsamt var berre forbokstaven. Ein skulle ikkje tru at ein vart så sliten av å køyre rundt i tre timar, men det vert ein altså. Stressnivået mitt vart langt over raudt, og det var jammen godt eg og min kjære fekk litt tid for oss sjølve. Familiens ynskjer, kombinert dine ynskjer, saman med dårleg råd generellt er ein dårleg kombinasjon. Aldri meir, det er for visst.

Søndag fekk me servert frukost av Elise, og fekk jammen besøk av sjølvaste Linda og Martin, saman med vesle Marialinn. Rett og slett herleg. Eg fekk kapra meg ein forlovar til, og ting ser ut til å løyse seg. Halv eitt for me frå Måkebyen, og køyrde nordover att. På Ålgård byrja regnveret, og det var igrunn ikkje nokre betre. Men det er godt å vere heime.

Sånn elles kan eg seie at Endre Askeland har fått seg tidenes kulaste bil, som han var gild å henta meg med på Danmarksplass. Takk!

1 tanke

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Tida går på fram

mandag, september 28th, 2009

Tida går, ja. Ganske fort,men samstundes ganske langsomt. Er ikkje viss på om du forstår heilt kva eg meiner. Dagane flyr sin veg, samstundes som det er ganske lenge til jul, nyttår og sommaren. Men så var det dette med å leve i nuet, då…

No har eg vore trulova i to veker, og det kjennes faktisk ganske greit. Angsten angåande pengar byrjar å innta bevisstheten min, men samstundes har eg tru på at Gud kjem til å velsigne meg. Han har lovt det, og held alltid det han lovar. Det vert spennande. Allereie no merkar eg at nettopp bryllup og slikt byrjar å fylle hjarta mitt. Og tankane mine. Det hjarta er fylt av, talar munnen. Jammen fint at det er ei anna i klassen som er i samme situasjon.

Eg er blitt myndig. Atten, faktisk. Eg kjenner absolutt ingen skilnad, og har ikkje gjort noko som eg ikkje kunne gjere som søttenåring, bortsett frå å skaffe meg VISAkort, opprette mobilabonnement og, ehm.. hatt attenårsdag? Den dagen bestod i gateevangelisering, der me spør Gud på forhånd om kven me skal treffe, og kva som skjer i livet deira. Det kulaste er at det faktisk funker. Me treff dei folka me skriv ned på førehand at me kjem til å treffe. På laurdagen var det coctailparty, i regi av dei flotte jentene eg bur saman med. Det var utruleg kos, med mykje mat, kake og pizza. Og sjølvsagt kjekke folk. Eg må seie at den kjekkaste pakken eg fekk, var ein REMApose full av hermetikk. Akkurat det eg trengte! Det går jo nemleg aldri ut på dato…

Me hadde og mimekonkurranse, eller Anne Guro sin lek, som me kalla den. Den inneber Alias, miming med heile kroppen, kun med hendene, det at ein skal berre seie eit ord, også skal resten av lage mime. Ekstrarunden er miming kun med anledet, som gav ein del merkelege uttrykk og mykje latter.


Anne Guro skulle mime stol, med berre fjeset.


Her er eg då ein sommarfugl, kun ved hjelp av fjeset.
Det var vel lett å sjå.


Kjærasten min har ganske godt gummitryne, i grunn.

Søndagen etter bursdagsfeiringa, tok eg og min trulovede turen hejm til mamma. Ho hadde diska opp med fårikål til mange, og kake og kaffe til enno fleir. Bursdagsselskap for familien / pengeinnsamling. Merkeleg det der, onklar som fiskar opp ein hundrelapp eller to frå lomma, og seier grattis med dagen. Ikkje at eg klagar, men eg hadde heller hatt lyst på eit kort med fine ord. Men så får det no vere. Kan hende eg kan kjøpe det for pengar.

Sist veke var eg og å prøvde brudekjolar. Med ein stk forlover og ein stk relativt sprudlande venninne som fekk låne kamera mitt. Stemninga på brudesalongen var heilt vanvittig dyster, med ei superserviceinnstilt kvinne som gav meg frysningar. Eg er absolutt ikkje vant til slik service, og får frysningar på ryggen av å heile tida få hjelp når eg er inne i butikken. Eg vil klare det sjølv, ja! Det var ei spennande erfaring, men no er eg drittlei. Heldigvis er alt sånt ordna.Tjohej!

1 tanke

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Spennande framtid

mandag, september 14th, 2009

Det kan skje svært mykje, på svært kort tid.
Heile framtida di kan gjerne endre seg på nokre små sekundar.
No er det ikkje så ille at eg har blitt påkøyrd og har vorte lam for resten av livet, heldigvis. Eg har ein tendens til å velge ord som kan få ting til å høyres utruleg seriøst ut, men det er eigentleg ikkje det. Heldigvis..

Men i går var ein strålande i dag, på alle måtar. Det starta med at eg låg og dro meg i senga litt lenger enn vanleg, noko som utruleg behagleg. Eg vakna til blå himmel og sol, på ein søndag i Bergen. Det var veldig overraskande, og nærast eit mirakel i Bergen. Havregraut stod på menyen til frukost, som vanleg, og eg tusla ned til Møllendalsbakken til gudsteneste. Det er ingenting som slår gudsteneste på ein god søndag. Lovsong, fellesskap med andre kristne, og ikkje minst herleg undervisning om pakt av Erling Thu. Det er verdt å stå opp litt tidleg for.

Etter litt fellesskap rundt kaféborda, så tok eg, Endre, Kenneth, Per og Helene turen ned på Bunnpris. Der vart me velsigna – igjen. Typisk Gud! Me er iallefall veeeldig takksame!

Planen på ettermiddagen var å ta turen opp til Ulriken saman med min kjære, for å ete middag. Me hadde sett på værmeldinga, og det var strålande vær for fyrste gong på over ein månad. Det var utruleg merkeleg å ta banen oppover, der ein dinglar ganske mange meter over bakken og mange meter over havet. Eg fekk nokre gode dottar i øyrene, for å seie det slik.

Oppe på Ulriken så var det strålande vær, ikkje ei sky på himmelen. Me sette oss i restauranten og bestilte mat. Og det smakte noko utruleg godt, og eg vart mettare enn forventa. Etter det satt me lenge og berre prata, og var åleine saman, noko som er eit luksus i kvardagen, har eg forstått.

Så kom solnedgangen. Det var mildt sagt eit skikkeleg vakkert syn. Har ikkje sett noko slik i Bergen på ganske så lengje. Dei hadde noko så genialt som dyreskinn og tepper ute på terassen, så det gjorde liksom ikkje så mykje at det var bitande kaldt. Plutseleg tok Preben meg til side, der me vart ganske så åleine. Sola skein framleis, men i og med at han hadde sagt den flotte setninga “eg må prate med deg”, så hadde eg ein liten klump i magen. Ein trur det ikkje før ein får sjå det, seier ein. Og eg trudde ikkje før eg fekk sjå at han verkeleg gjekk ned på kne, og faktisk spurde meg om eg ville gifte meg med han. Sjølvsagt ville eg det. Sjølvklart svara eg ja.

Så no er eg trulova. Og det er ganske vilt. Hadde du spurt meg for eit år sidan, eller to år sidan, hadde eg sannsynligvis fnyst av tanken. No syns eg det er heller spennande. Framtida vert mest sannsynligvis veldig spennande.

Og, ringen er forresten veldig fin. Men min trulovede er enno finare. (:

Ingen tankar

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Totalt makeover

søndag, september 6th, 2009

Då me flytta inn i leiligheten for omlag ein månad sidan, var den i noko ekkel stand. No har me budd her ein månad, og klarar såvidt å skimte at det er den same leiligheten som eg tok bilete av i mai. Me har med andre ord pussa opp. Måla. Hengd opp dekorasjon, skifta sofa, fått opp nokre hyller og innhold. Det ser rett og slett koseleg ut. Så eg sleng ut nokre før og etter bilete her, slik at du skal sjå. Berre derfor. No har me forresten kaffetrakter også. Så berre kom på besøk!

Kjøkken
Før

Etter

Bad
Før

Etter

Stue
Før

Etter

Soverommet til Helene
Før

Etter

Soverommet til Karina
Før

Etter

Soverommet til Maia
Før

Etter

Soverommet til Monica
Før

Etter

Berre for å vise at me er menneskelege, så har me rotete rom!

« Gamle dagar

Opp på toppen