Fin haust
mandag, oktober 26th, 2009
Akkurat no er hausten i Bergen slik eg likar den best. Kald, full av fargerikt løv i gatene og på tre i skog og mark, samt null regn om dagen. Regne kan det gjerne gjere om natta, då me søv uansett. Det er herleg å kunne gå tur og tråkke på løv som lagar lyd under foten din. Iallefall mange gongar kjekkare enn når du held på å tryne fordi det er sleipt uansett kvar du vendar deg..

Sidan sist har eg vore enno ein gong nede i Kristiansand, på kvinnekonferanse denne gongen. Relativt impulsivt, alt for lang kjøretur, heftig progam, men vel verdt turen. Gud var jo der! Spennande å høyre historiar frå Mosambik og anna, samt helse på vener og kjente. Me fann i tillegg lokale til bryllup, noko som minkar stressfaktoren med sånn ca hundre prosent. I løpet av den vel så lange køyreturen, fekk eg julestemning av snøen på Hovden, og eg fekk sjå Baroniet i Rosendal. Eller, det er vel eigentleg ei overdriving med å seie at eg såg Baroniet. Det var nemleg bekmørkt.

Tida går heilt usannsynlig fort, dagane flyr forbi, og eg har sånn ca null overskot i kvardagen til noko meir enn lesing, data, fellesskap, matlaging og trening. Det er eigentleg nok, så eg er takksam for at eg ikkje har noko jobb eller lederansvar i år. Godt å kvile ut etter i fjor. Gjerne ein litt dårleg orsaking, men den er god nok for meg.

Om nokre få dagar reiser me på praksistur til austlandet. Då vert eg, saman med fire andre gilde bibelskulestudentar sendt avgarde for å besøke menigheter, samt bli kjent med nye, gjere dugnad, ha leir og diverse anna. Me veit ikkje så mykje anna, i grunn. Ser fram til det, men er usikker på om eg syns sju-åtte timars togreise er positiv eller negativt.

Elles er livet bra, det er gildt å vere forlova, eg et havregraut som aldri før og jublar ovar at me endeleg har fått ein dvd-spelar i huset. Yay.
Category bergen&trange smug, ferie&annleis dagar, fritid&ubrukt tid, skulen&visdom / Tags: /
