Arkiv for november, 2009

Ad-vent

mandag, november 30th, 2009

Aiaiaiai!
Det er nesten som om eg får lyst til å byrje kvar einaste innlegg eg skriv om at tida går fort.
I dag skal eg ikkje gjere det, sjølv om eg nesten gjorde det no.

Det er advendt, desember om tre timar, glade dagar med vener, familie og heftig med mat. Eg kan i grunn ikkje seie noko anna enn at det er fantastisk med jul. Sjølvsagt vonar eg det vert snø, men sidan eg bur på Vestlandet og er litt realistisk, innser eg at den sannsynligvis ikkje kjem før den dagen eg reiser til Hemsedal.

For tida så designar eg, skriv eg og fotograferer litt. Og eg elskar det i grunn. Det finns lite anna som er så kjekt som å pusle med slike småting.

Sidan sist har min kjære Preben hatt fødselsdag, og blitt tjue år. Han vart overraska av meg, med god hjelp i frå venner i frå Kristiansand, og i frå klassen min på Bibelskulen. Me fekk han ut av huset, eg lånte nøklane til han Vegard, sneik meg inn og diska opp med tidenes middag ; rødvinsmarinert fårefilet med pommes noisettes, viltgrønnsaker og rødvinssaus. Mm. Til dessert var det forresten Himmelsk Mislykka, saman med heimelaga is. Med andre ord ; skikkelig god mat. Elles var på kino på kvelden, og såg 2012, som Preben kallar ein skikkelig kinofilm. Eg er i grunn heilt samd med han der. Men eg vart no underhaldt, det var spennande og slik.

Høgdepunktet den dagen var sjølvsagt å gi han presangen som eg hadde planlagd i mange månadar. Playstation 3. Eg blir til og med litt fascinert når eg ser ein sånn…dings. Sjølvsagt hadde eg berre rakka ned på tingsen dei førre månadane, og sagt at me aldri kom til å ha noko slikt i vårt hus, og at eg mykje heller ville ha ein Nintendo Wii, berre for moro skuld, sjølv om eg aldri brukte han. Jajaja, så feil kan ein ta. Eg har forresten blitt gira på Fifa, så innan me vert gift og flyttar saman, trur eg at eg skal gå eindel på besøk til han, og øve meg godt opp. Berre for moro skuld, sjølvsagt. Og fordi eg ser fram til den dagen eg knusar han! (:

Tilbake i Bergen

onsdag, november 18th, 2009

Wooh! Hausten har gått heilt vanvittig fort, og det gjenstår berre ein månad til jul. I grunn har vel jula eigentleg byrja, sidan marispanen og pepperkakene kom i butikken midt i haustferien. Det heiter kommersialisering, har eg høyrd. Svineinfluensaen er visst og eit resultat av det same.

Dei siste to vekene, eller eigentleg 17 dagane, har eg brukt borte på austlandet. Skien, t ved Hønefoss og Stokke, for å vere meir presis. Der har det vore glade dagar på praksistur, saman med fire andre frå Bibelskulen og 4 andre frå heilårsteamet. Eller, det har vore glade dagar, nokon kjipe stunder og irritable sekunder. Men det har gått fint, ja. Har fått treffe masse nye folk, kjempemange ungdommar og opplevd at Gud er godt, midt i alt det som skjer.
Meir spesifikk oppdatering om dei to vekene der me var borte frå sivilisasjonen i Bergen, finn du på bibelelev.wordpress.com.

Tilbake i Bergen merkar eg at rastløysa slår meg, samstundes som tidspresset vert eit større faktum. Snart er det berre sju månadar til eg vert gift, og berre eit halvt år attende av bibelskuleåret. Eg må dermed bestemme meg heilt og totalt for kva eg skal gjere til neste haust, bortsett frå å vere busett i Kristiansand og vere gift. Eg hadde eigentleg klart meg med berre det, men trur at rastløysa vert eit enno større faktum dersom.

Eg veddar nokre spenn på at tida framover kjem til å brukast på julegaveshopping med begrensa pengemiddel, sløving med julefilm/julemusikk i bakgrunnen, julekakebaking og juletresaging på Osterøy, samt mykje tid til å studere Guds ord og vere ein ålreit bibelskuelelev. Livet er iallefall herleg, og Gud er god uansett.

Ingen tankar

Category ambinsjonar&idear / Tags: /

Opp på toppen