Arkiv for desember, 2009

Nytt år med nyttår

torsdag, desember 31st, 2009

Ja. Siste dagen i 2009.
Er i grunn berre sju timar att av den aller siste torsdagen i totusenogni.
Snart er det totusenogti. Eller tjueti. Spørs kor grammatisk korrekt du vil vere.

Når eg ser tilbake på totusenogni, ser eg i grunn berre kor fort tida har gått.
Og kor god Gud har vore med meg.
Eg fullførte siste året på vidaregåande.
I løpet av året skifta har eg hatt tre ulike sivilstatusar ; singel, i eit forhold og trulova.

Eg har flytta til Bergen og byrja på bibelskule.
Gud har vore med her og, velsigna oss med super leilighet,
og velsigna meg med pengar. Så eg slepp å ta opp lån.

I grunn har totusenogni vore det beste året til no.
Eg har i likevel stor tru på at tjueti vert enno betre.
Tross alt, eg går framleis på Bibelskulen, vert enno betre kjend med Gud,
eg vert gift om ein halvt år, og flyttar til Kristiansand.
Mykje nytt og mykje spennande.

Eg gler meg til å hoppe inn i tjueti!

Snø! Og livet elles.

mandag, desember 21st, 2009

Ja. Syteinnlegg angåande manglande snø var ikkje på sin rette plass.
Eg vakna, laurdag morgon, til lyden og synet av ein snøstorm.
Det hadde komme mykje snø, og det kom mykje meir.
Slik som det gjorde i ca kvar einaste krik og krok i landet eg bur i.

bilspor

Elles har den fyrste julehelga gått finfint. Eg følar eg gjer forrykande lite,
bortsett frå å rydde og vaske, eg les litt i tillegg,
skriv litt og oppdaterer mailen og facebook litt for ofte.

Julestemninga er i grunn ikkje inni meg, sjølv om julesongane vert spelt,
sjølv om snøen lavar ned, og sjølv om juletreet kjem innadørs i morgon,
og det berre er to dagar til me skal leggje pinnakjøtet i vatn.
Eg gler meg til våren, då…

Eg har ein pakke som eg må få kjøpt att, og eg vonar verkeleg utsalstaden er open,
elles vert det erstatning i siste liten. Noko eg ikkje har gjort på år,
og som eg veit førar til meir stress, enn julero og julefred.

Elles er eg i bakehumør.
Brød, rundstykke, kjeks, vaflar og kakar.
Gje meg ei oppskrift, og eg vil bake.
Lovar.

Snø?!

fredag, desember 18th, 2009

Eg oppdaga til mi store begeistring, då eg for nokre dagar sidan surfa rundt på det store Internett.
Yr dott no kunne fortelje meg at det vart minusgrader frå denne veka av, og iallefall til julafta.
Og at det skulle snø på laurdag.
Det skulle snø i morgon.

No skulle eg sjekke kor mykje det skulle snø, så ser eg plutseleg, til mi store fortviling at det blir regn.
Regn, regn og kulde på julafta.
Eg som ynskja meg ei kvit jul, og var førebudd på eit mirakel.

Eg vil gjerne ynskje meg kraftig nedbør, i form av snø, til jul.
Ellers er det ikkje noko anna eg treng.

( Det skal liksom snø i Kristiansand, der min kjære er.
Litt uhøyrt, men neste år blir då gjerne betre! )

Nærare og nærare

mandag, desember 14th, 2009

Vinteren er i grunn veldig fin. Du har kaldt vær, klar himmel og nærast uendeleg med stjerner på himmelen. Samstundes har du varme tekopper, lange dusjar og gode ullsokkar. Ein kan sitte inne og lese tjukke bøker med god samvit, knekkje eit utal med nøtter og sjå på TV-program, som ein og såg på i fjor.


Denne kake inneheld forresten ein halv kilo sjokolade, og heiter sjokolademoussekake.

For min del har vinteren til no blitt til ein konstant bekrefting på at tida går skummelt fort. Det er tohundre dagar att. Jula er mindre enn ti dagar unna. Snøen kjem kanskje. Snart er det 2010, og eg veit ikkje heilt korleis det står til med meg sjølv. Eg har det i grunn supert og suverent, men tida går nærast fortare enn eg gjer, eller er det kanskje omvendt. Eg ser fram til å sjå meg tilbake, sjølv om eg gjerne skulle stogga opp litt akkurat no…

Eksamen er på gong, og me plantar menighet i Egersund i teorien. Gruppeeksamen gjer at ein ikkje vert sliten, men fylt med energi og overflod av Guds ord. Det er spennande, og eg blir i tillegg betre til å snakke engelsk. Dagane går jammen meg fort her óg, og det er såpass kort til eksamen og skuleslutt at eg syns eg utnyttar tida dårleg.

Sist veke var eg nede i Kristiansand, til ei så og seie avslappande helg, med litt bryllupsplanlegging og peiskos. Ein må unytte peisen så ofte ein kan, når det einaste ein har sjølv er panelomnar og liknande. Sjølvsagt er bryllup eit lite stressmoment i kvardagen, og menyen på bryllaupet er vel eit lite høgdepunkt for nokon. Eg kan gjerne ete grønnsakssuppe, men vert nedstemt der. Kanskje likegreit. Elles så er det å fly ned til sørlandet, i staden for å køyre bil over eller rundt fjellet, ein ufatteleg stor velsigning. Det går utruleg mykje raskare, er utruleg mykje kjekkare, spesielt når det er turbulens. Ein får til og med ein gratis kopp te, som smakar bitrare enn bitrast. Ingenting slår det.

Sist helg, som altså inkluderte i går, var eg heime på Fitjar. Slappar betre av når ein er heime, enn i leiligheta. Forstår ikkje heilt kvifor det er slik, men eg likar sofaen vår heime. Og induksjonskomfyren. Og det store kjøleskapet. Og all den gratis maten, som slår magesekken heilt ut, fordi du et deg mettare enn du eigenleg klarar. For fyrste gong har eg og Preben pumpa jadn saman. For å seie det slik, han er litt sterkare enn meg. Men ikkje mykje!


Dette skjer når du smashar tåa di medan du joggar.

Opp på toppen