Arkiv for februar, 2010

Arigato

onsdag, februar 24th, 2010

Ekki, ekki, pang.

Eg har funne gamle bilete i frå photoboot.
Moro å sjå, sidan Charlie no er tre år gamal snart.


Den planta eg hadde fyrste året på vgs.
Den døydde ganske raskt i grunn.


Den gongen eg låg på golvet.
Og det var sol.


Den gongen legedama tok blodprøve, utan å kunne det.
Eg fekk blåmerke og angst for tjukke nåler.


Den gongen eg var trøytt då eg vakna.
Ein av mange.

Ete mat og bli forsørgd

tirsdag, februar 9th, 2010

I det siste, har eg og Preben vore på mange matbesøk. Det er utruleg kjekt å vere saman, og det vert liksom litt kjekkare når ein et saman. Det smakar til og med litt betre å ete god mat saman med andre.

Både frukost tidleg på morgonen, lunsj midt på dagen med fuglekvitter, middag i skumringa og kaffebesøk på kvelden. Alt er moro, og det hjelp vel i grunn og ganske godt på studentøkonomien når ein er blakk, når menneske er så gilde at dei spanderar mat på oss. I det siste har Gud óg velsigna spesielt meg med masse råvare av mat. Mjølk, poteter, kjøt, pålegg og kaker. Alltid kjekt med mat.

Og sånn heilt på sida så har eg og min kjære haldt saman i eit heilt år, noko som grunn er veldig kort, men som har innehalde svært mykje. Alt i frå avstandsforhold, vidaregåande, mange eksamenar. Vinterferie på ski, påskeferie innandørs og med mattelesing, sommarferie og sol, med bading, jobbings og grillings. Ein haust med både fint og dårleg vær, gode og mindre gode dagar, og mange erfaringar.

Og har eg rekna rett, så får me om lag åtti år til, om ikkje Jesus kjem att før eg vert hundre år.

Dagens velsigning

tirsdag, februar 2nd, 2010

Årets lengste månad er over, og me, inkludert meg sjølve, har nettopp byrja på den kortaste.
Berre fire veker att av den herlege vinteren som til og med pregar Bergen, regnbyen.

Sola skin, livet er generelt herleg, Gud er god og alt er flott.
Dagens velsigning har i grunn vore i fleirtal.
Eg har ikkje pengar for tida, og har inngått avtale med Monica om å ikkje bruke pengar på ei veke,
noko som sistnemnde forresten har brutt nokre gonger allereie.
Så i dag fekk eg ein herleg spasertur ned til byn, med ein fresh tale frå….Atlanta på øyre,
der sola skein og det var i grunn fint å bevege seg.
Då eg kom til Bunnpris ( ikkje for å bruke pengar, men for å sjå om det fantes noko gratis ),
fann eg både creme fræsj, med fetasmak, mykje fetaost, til og med ein camembert.
Noko som er morosamt, sidan eg på ein måte bad Gud om ost i dag tidleg.
Han gir i overflod.

Eg fann og kyllingpålegg – heile 14 pakkar, tre pakkar med 1-2-3 kake og enno meir olje.
Gud er vill!

Så gjekk eg til Eplehuset, der eg hadde levert inn ladaren min til reparasjon sist veke.
Det er berre Lill-Ann’s velvilje og nåde, som har låna ut ladaren sin til meg den siste veka,
som har gjort at Charlie har fungert. ( Charlie er Mac’en min, forresten )
Eg fekk faktisk ein heilt ny ladar attende, utan å måtte betale eit raudt øre.
Noko eg atter ein gong takkar Gud for.

Så til slutt, noko som var den største velsigninga i dag, kom på bussen.
Eg har som sagt ikkje løyve til å bruke pengar på butikken, og eg hadde såleis ikkje
lyst eller høve til å ta ut pengar til å ta bussen heim. Eg var trøytt, sliten,
bar på to tunge posar og ein tung ryggsekk, så eg såg det mest behageleg å hoppe på ein buss.
Men, ærleg som eg vil være, såg eg ikkje mi lyst i å snike på bussen, så eg planla å vere ærleg med sjåføren, og be om å få sitte på for berre 9 kroner. Eg bad Gud om velvilje hjå bussjåføren.
Det som då hender, er at 2′erbussen kjem, og i det eg kjem fram til sjåføren, vinkar han berre dei påstigande forbi ; absolutt ingen betalar. Igjen så svarar Gud berre i overflod.

Så eg kom meg heim, fekk i meg mat og lasta i kjøleskapet.
Og dagen har ikkje enda enno!

Opp på toppen