Stikk og fisk
tirsdag, mars 30th, 2010




Frukost er det kjekkaste måltidet.
Plutseleg vart det tysdag, og plutseleg skulle eg til Sotra av alle stadar,
for å stikke meg i armen slik at eg ikkje får hepatitt og tyfoidfeber i India.
I Bergen er det sett på opp laurdagsruter på ein heilt vanleg tysdag,
og eg forstår ikkje kvifor. I tilleg køyrer bussane rett fordi meg,
i staden for å stoppe på busstoppen. Det skapar meir hindringar enn velsigningar.
Véret i Bergen er elles heilt tullete.
Snøen bestemmer seg for å halde rekordlengje, i heile 100 dagar,
før regnet bestemmer seg for å smelte heile snørekorden på ei helg.
Så vert det nesten april, klokka vert stilt og ein ser ljost mot ein sommar.
Plutseleg skjer det som ingen skulle tru at kunne hende, nemleg at det snøar att.
Hundelorten og plastposane vert dekka av snø att, og Ulriken ser ut som ein snøslott.
Eg som hadde planlagt å sole meg i påska, men det får eg ta i august.


I dag har eg ete feskkak. Ikkje fiskekaker.

Og orkideen til Monica blømer.
Category ambinsjonar&idear, bergen&trange smug, ferie&annleis dagar, fritid&ubrukt tid / Tags: /





