Tjueti

2 januar, 2010 kl 22:41 , av Karina

Og der var me inne i det nye året.
Eit nytt år, eit nytt tiår og ganske mange dagar fram til neste årskifte.
Det er så vanvittig spennande å tenkje på at sjølv om Gud ikkje er begrensa av tid;
av timar, dagar, månadar og år, så har Han likevel planar og forsett for 2010.
Hans løfter, om at Han er med kvar dag, og at tjueti vert som ei ferd med Han,
er oppmuntrande og gir von! Eg er klar for ekspedisjon i tjueti!

Nytt år krev nytt design, og det er sånn omlag ferdig no.
Ein vert trøytt i augene av å lese kjeldekodar og css ein laurdagskveld.

Sånn elles har eg i dag vore på byttesjau, og fått tak i ein snasen ;
PureFi
Logitech Pure-Fi

og i kjøpeørska med litt pengar til overs,
gjekk eg jammen meg til inkjøp av ein litt meir snasen ;
iPod nano

Er usikker på om min livskvalitet vert noko betre av dette her,
men det vert gjerne kjekkare å vakne, å lage mat og sleppe å jogge med ein svintung iPhone på slep.
Elles er eg glad at eg ikkje har mykje pengar att, så rekk dei berre til mat og straum!

Ingen tankar to “ Tjueti ”

Opp på toppen