Dagens velsigning
2 februar, 2010 kl 17:59 , av Karina

Årets lengste månad er over, og me, inkludert meg sjølve, har nettopp byrja på den kortaste.
Berre fire veker att av den herlege vinteren som til og med pregar Bergen, regnbyen.
Sola skin, livet er generelt herleg, Gud er god og alt er flott.
Dagens velsigning har i grunn vore i fleirtal.
Eg har ikkje pengar for tida, og har inngått avtale med Monica om å ikkje bruke pengar på ei veke,
noko som sistnemnde forresten har brutt nokre gonger allereie.
Så i dag fekk eg ein herleg spasertur ned til byn, med ein fresh tale frå….Atlanta på øyre,
der sola skein og det var i grunn fint å bevege seg.
Då eg kom til Bunnpris ( ikkje for å bruke pengar, men for å sjå om det fantes noko gratis ),
fann eg både creme fræsj, med fetasmak, mykje fetaost, til og med ein camembert.
Noko som er morosamt, sidan eg på ein måte bad Gud om ost i dag tidleg.
Han gir i overflod.
Eg fann og kyllingpålegg – heile 14 pakkar, tre pakkar med 1-2-3 kake og enno meir olje.
Gud er vill!
Så gjekk eg til Eplehuset, der eg hadde levert inn ladaren min til reparasjon sist veke.
Det er berre Lill-Ann’s velvilje og nåde, som har låna ut ladaren sin til meg den siste veka,
som har gjort at Charlie har fungert. ( Charlie er Mac’en min, forresten )
Eg fekk faktisk ein heilt ny ladar attende, utan å måtte betale eit raudt øre.
Noko eg atter ein gong takkar Gud for.
Så til slutt, noko som var den største velsigninga i dag, kom på bussen.
Eg har som sagt ikkje løyve til å bruke pengar på butikken, og eg hadde såleis ikkje
lyst eller høve til å ta ut pengar til å ta bussen heim. Eg var trøytt, sliten,
bar på to tunge posar og ein tung ryggsekk, så eg såg det mest behageleg å hoppe på ein buss.
Men, ærleg som eg vil være, såg eg ikkje mi lyst i å snike på bussen, så eg planla å vere ærleg med sjåføren, og be om å få sitte på for berre 9 kroner. Eg bad Gud om velvilje hjå bussjåføren.
Det som då hender, er at 2′erbussen kjem, og i det eg kjem fram til sjåføren, vinkar han berre dei påstigande forbi ; absolutt ingen betalar. Igjen så svarar Gud berre i overflod.
Så eg kom meg heim, fekk i meg mat og lasta i kjøleskapet.
Og dagen har ikkje enda enno!
Merkjelappar bergen&trange smug, fritid&ubrukt tid, jesus&livet /

Ingen tankar to “ Dagens velsigning ”