Nytt hår
3 mars, 2010 kl 10:17 , av Karina

Det er vel ikkje heilt rett at eg har fått nytt hår
med mindre håret mitt vaks superraskt i natt.
Noko eg eigentleg tviler på, i forhold til den kjemiske behandlinga
hovudboten og hårstråa mine gjekk gjennom i går.

Eg kom til frisørssalongen klokka elleve, og var i grunn budd på fire-fem timar
låst til enten frisørstolen eller med nakken i ei sær stilling i vasken.
Den tidsplanlegginga var i grunn veldig, veldig rett.

Etterveksten var nesten meterlang, så det tok lang tid å bleike håret for
å få …fargen… bort. Ein kan kalle det ein farge med visse modifikasjonar.
Etterkvart likna håret på ein påskekylling – det var altså lysare, som var eit godt teikn.
Eg ville ha bort det oransje, og hadde endeleg funne ein frisør som var samd.
Så fargen vart kald, kald og kaldare. Til eg plutseleg vart antikkgrå.

Eg har ingenting i mot å vere antikkgrå, det er iallefall hakket betre enn kommunegrå.
For å fikse denne fargen, vart det striping og bøn om betre tider, noko det var.
Eg er nøgd med eit lysare hovud, sjølv om bankkontoen ikkje er like nøgd.
Trøysta er at velværa iallefall har ei god hensikt ; utsjånaden i bryllaupet.
Planen er at eg iallefall skal sjå ålreit ut. Utan ettervekst.
Merkjelappar ambinsjonar&idear, bergen&trange smug, ferie&annleis dagar, fritid&ubrukt tid /

Ingen tankar to “ Nytt hår ”