Skitur over vidda

4 mars, 2010 kl 17:04 , av Karina

Beste torsdagen i manns minne!
Eg, Anita&Anita og Kjersti gjekk frå Ulriken til Svartediket.
Fantastisk sol, utan ei sky som skugga for sola,
herleg føre, med både pudder og litt løype,
vart det sikker suksess.

Tidleg start, klokka ni, der Ulriksbanen hjalp oss 643 m.o.h.
Litt hjelp frå Sindre med KRIK-lue og skiskills,
som gjorde at Anita fekk på seg bindingane.
Strake vegen, før me pausa med kaffe og tørka frukt og nøtter.
Litt meir hjelp frå Sindre med ski-skillsa,
slik at me kom oss vidare. Mykje prat. Mykje latter.
Mykje snø både under beina, og plutseleg under anledet óg.
Oppover, nedover, bortover, sidelengs og tilbake.

Verdt det.

Ingen tankar to “ Skitur over vidda ”

Opp på toppen