Ad-vent
30 november, 2009 kl 21:07 , av Karina
Aiaiaiai!
Det er nesten som om eg får lyst til å byrje kvar einaste innlegg eg skriv om at tida går fort.
I dag skal eg ikkje gjere det, sjølv om eg nesten gjorde det no.

Det er advendt, desember om tre timar, glade dagar med vener, familie og heftig med mat. Eg kan i grunn ikkje seie noko anna enn at det er fantastisk med jul. Sjølvsagt vonar eg det vert snø, men sidan eg bur på Vestlandet og er litt realistisk, innser eg at den sannsynligvis ikkje kjem før den dagen eg reiser til Hemsedal.
For tida så designar eg, skriv eg og fotograferer litt. Og eg elskar det i grunn. Det finns lite anna som er så kjekt som å pusle med slike småting.
Sidan sist har min kjære Preben hatt fødselsdag, og blitt tjue år. Han vart overraska av meg, med god hjelp i frå venner i frå Kristiansand, og i frå klassen min på Bibelskulen. Me fekk han ut av huset, eg lånte nøklane til han Vegard, sneik meg inn og diska opp med tidenes middag ; rødvinsmarinert fårefilet med pommes noisettes, viltgrønnsaker og rødvinssaus. Mm. Til dessert var det forresten Himmelsk Mislykka, saman med heimelaga is. Med andre ord ; skikkelig god mat. Elles var på kino på kvelden, og såg 2012, som Preben kallar ein skikkelig kinofilm. Eg er i grunn heilt samd med han der. Men eg vart no underhaldt, det var spennande og slik.

Høgdepunktet den dagen var sjølvsagt å gi han presangen som eg hadde planlagd i mange månadar. Playstation 3. Eg blir til og med litt fascinert når eg ser ein sånn…dings. Sjølvsagt hadde eg berre rakka ned på tingsen dei førre månadane, og sagt at me aldri kom til å ha noko slikt i vårt hus, og at eg mykje heller ville ha ein Nintendo Wii, berre for moro skuld, sjølv om eg aldri brukte han. Jajaja, så feil kan ein ta. Eg har forresten blitt gira på Fifa, så innan me vert gift og flyttar saman, trur eg at eg skal gå eindel på besøk til han, og øve meg godt opp. Berre for moro skuld, sjølvsagt. Og fordi eg ser fram til den dagen eg knusar han! (:
Merkjelappar ambinsjonar&idear, bergen&trange smug, fritid&ubrukt tid /

Ingen tankar to “ Ad-vent ”