Nærare og nærare
14 desember, 2009 kl 17:14 , av Karina

Vinteren er i grunn veldig fin. Du har kaldt vær, klar himmel og nærast uendeleg med stjerner på himmelen. Samstundes har du varme tekopper, lange dusjar og gode ullsokkar. Ein kan sitte inne og lese tjukke bøker med god samvit, knekkje eit utal med nøtter og sjå på TV-program, som ein og såg på i fjor.

Denne kake inneheld forresten ein halv kilo sjokolade, og heiter sjokolademoussekake.
For min del har vinteren til no blitt til ein konstant bekrefting på at tida går skummelt fort. Det er tohundre dagar att. Jula er mindre enn ti dagar unna. Snøen kjem kanskje. Snart er det 2010, og eg veit ikkje heilt korleis det står til med meg sjølv. Eg har det i grunn supert og suverent, men tida går nærast fortare enn eg gjer, eller er det kanskje omvendt. Eg ser fram til å sjå meg tilbake, sjølv om eg gjerne skulle stogga opp litt akkurat no…
Eksamen er på gong, og me plantar menighet i Egersund i teorien. Gruppeeksamen gjer at ein ikkje vert sliten, men fylt med energi og overflod av Guds ord. Det er spennande, og eg blir i tillegg betre til å snakke engelsk. Dagane går jammen meg fort her óg, og det er såpass kort til eksamen og skuleslutt at eg syns eg utnyttar tida dårleg.

Sist veke var eg nede i Kristiansand, til ei så og seie avslappande helg, med litt bryllupsplanlegging og peiskos. Ein må unytte peisen så ofte ein kan, når det einaste ein har sjølv er panelomnar og liknande. Sjølvsagt er bryllup eit lite stressmoment i kvardagen, og menyen på bryllaupet er vel eit lite høgdepunkt for nokon. Eg kan gjerne ete grønnsakssuppe, men vert nedstemt der. Kanskje likegreit. Elles så er det å fly ned til sørlandet, i staden for å køyre bil over eller rundt fjellet, ein ufatteleg stor velsigning. Det går utruleg mykje raskare, er utruleg mykje kjekkare, spesielt når det er turbulens. Ein får til og med ein gratis kopp te, som smakar bitrare enn bitrast. Ingenting slår det.
Sist helg, som altså inkluderte i går, var eg heime på Fitjar. Slappar betre av når ein er heime, enn i leiligheta. Forstår ikkje heilt kvifor det er slik, men eg likar sofaen vår heime. Og induksjonskomfyren. Og det store kjøleskapet. Og all den gratis maten, som slår magesekken heilt ut, fordi du et deg mettare enn du eigenleg klarar. For fyrste gong har eg og Preben pumpa jadn saman. For å seie det slik, han er litt sterkare enn meg. Men ikkje mykje!

Dette skjer når du smashar tåa di medan du joggar.
Merkjelappar ambinsjonar&idear, bergen&trange smug, ferie&annleis dagar, fitjar&nostalgi, skulen&visdom /

Ingen tankar to “ Nærare og nærare ”