Snø! Og livet elles.

21 desember, 2009 kl 21:43 , av Karina

Ja. Syteinnlegg angåande manglande snø var ikkje på sin rette plass.
Eg vakna, laurdag morgon, til lyden og synet av ein snøstorm.
Det hadde komme mykje snø, og det kom mykje meir.
Slik som det gjorde i ca kvar einaste krik og krok i landet eg bur i.

bilspor

Elles har den fyrste julehelga gått finfint. Eg følar eg gjer forrykande lite,
bortsett frå å rydde og vaske, eg les litt i tillegg,
skriv litt og oppdaterer mailen og facebook litt for ofte.

Julestemninga er i grunn ikkje inni meg, sjølv om julesongane vert spelt,
sjølv om snøen lavar ned, og sjølv om juletreet kjem innadørs i morgon,
og det berre er to dagar til me skal leggje pinnakjøtet i vatn.
Eg gler meg til våren, då…

Eg har ein pakke som eg må få kjøpt att, og eg vonar verkeleg utsalstaden er open,
elles vert det erstatning i siste liten. Noko eg ikkje har gjort på år,
og som eg veit førar til meir stress, enn julero og julefred.

Elles er eg i bakehumør.
Brød, rundstykke, kjeks, vaflar og kakar.
Gje meg ei oppskrift, og eg vil bake.
Lovar.

Ingen tankar to “ Snø! Og livet elles. ”

Opp på toppen