Om meg

Eg er Karina, og eg er for tida 18 år. Fødd tidleg på hausten i året 1991 som tyder at eg aldri fekk oppleve glansdagane på åttitalet. For å vere ærleg, så trur eg at eg kjem til å klare meg fint i livet utan den opplevinga.
For tida er eg i den fine byen Bergen. Her går eg på bibelskule og nyt fantastiske dagar saman med dei fire jentene eg bur saman med i ein stor leilighet, samt hyppige besøk av min kjære, som eg jagar hejm kvar kveld klokka ni fordi eg legg meg himla tidleg.
Sidan du no veit at eg går på bibelskule, har du kanskje lagt saman ein og ein, og forhåpentlegvis enda opp med to som svar. Ja, eg er nemleg kristen som vil seie at eg har Jesus som herre og sjef i livet mitt. Kristen har eg ikkje vore heile livet mitt – eg har ikkje vekse opp i noko spesiell kristen heim, og min aktivitet i kyrkja eller andre menigheter avgrensa seg til sundagsskulen til eg byrja på skulen, og eg var vel nokre gonger i kyrkja på julaftan og 17.mai. Eg konfirmerte meg borgarleg, og hadde som hobby å dra på bedehuset for å krangle og kverulere med dei kristne der. Alt dette skjedde før eg møtte Jesus. Gud var nemleg veldig interessert i at eg skulle tilbringe evigskapen saman med han. Forresten, det å ha Jesus som herre i livet, gjer ein eit fantastisk liv. Om du kanskje skulle sitje med eit bilete at kristne er bitt fast av alt dei ikkje skal gjere, er det ganske feil. Det handlar meir om alt Gud gjer, noko eg har forstått etter å ha vore ein av Jesus disiplar sidan hausten 2007.
Når eg tenker meg om, har eg eigentleg eit veldig bra liv. Eg har tidenes beste kjærast, som har ei fantastisk Kristiansandsdialekt med blaute konsonantar, som heldigvis er sterkare enn meg. Det einaste kravet eg hadde til ein mann, var at han skal klare å løfte meg. Når eg tenker meg om, bør han kanskje klare å ta på seg to like sokkar. Kjærasten min klarar dette med glans, og i juli vert eg kona hans.
Før pleidde eg å inkludere kva musikk, kva filmar og kva bøker eg likte når eg skreiv slike tekster om meg sjølv. No har eg fått meg Spotify, har ikkje tid til å sjå på fjernsyn eller film, og les entan Bibelen eller bøker eg finn bakerst i bokhylla mi, kjøpt for fem år sidan. Eg kan innrømme at eg skriv dikt bakpå kvitteringar når eg er åleine, og at eg syng rare songar i dusjen. Bortsett frå det er eg så lite musikalsk som det går an å bli, men eg har ambisjonar om å lære meg å spele på ukulele ein gong i framtida. Eg har faktisk ei som står på rommet, men sidan eg ikkje eig gehør, har eg vanskeleg for å stemme den rett.
Elles får eg vondt i beina når eg er varm, har eit polaroidkamera og ein skrivemaskin, og eg sovnar svært lett på bussen. Om det skulle vere noko meir då, så er eg som oftast på fjesbok og les mailen min nesten like ofte. Karinaraunholm at gmail dott com og no veit du kva eg namnet mitt er og du finn mykje interessant om du googlar meg.
Over – og – ut!

Ingen tankar to “ Om meg ”